Bakgrunnsartikkel

Møt Espen Bråten Kristoffersen

Han blei sjølv biten av musikal berre ti år gammal, og sidan har det vore berre ein ting som har stått i hovudet på Espen Bråten Kristoffersen. No lever han livet som skodespelar og musikalartist, og gler seg vilt til å spreie musikalglede til publikum med denne festframsyninga!

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonsrådgjevar

Kva er Biten av musikal?

- Ei kjærleikserklæring til musikalen! Det er fest og fargar og moro, men også djupt alvor… kva skal eg seie? Det er på sant! Musikalar har ei evne til både å treffe dei såraste punkta i ein, men også til å spreie varme og glede. Musikalar rommar mykje.
I Biten av musikal får ein oppleve ein gjeng med skodespelarar, songarar og musikalartistar som vil gi jernet.
- Og så har vi jo eit stort levande orkester, glitter og stas, kjærleik og tårer, litt latter, – i det heile teke: Ein fest av ein kveld er det!

- Ei kjærleikserklæring til musikalen!

Kven er Biten av musikal perfekt for?

- For alle, vil eg påstå. Alle som elskar musikal, men også for dei som kanskje er litt skeptiske og kanskje ikkje har late seg bite av musikal. Enno. For vennegjengen som skal ut på byen, for dugnadsgjengen eller dei som skal feire eit vellykka årsmøte, heile familien – alle er velkomne! Det er det som er så kult med musikal – du treng ingen forkunnskapar for å la deg rive med!

- Det er det som er så kult med musikal – du treng ingen forkunnskapar for å la deg rive med!

Kva er det beste musikalminnet ditt?

- Det er frå ein musikal som kanskje er litt utskjelt i dag. Det er faktisk, tru det eller ikkje; Grease. Da eg var rundt 10 år tok mor mi meg med på Chat Noir, og etter det var det eit eller anna som skjedde. Eg hugsar at eg tenkte at: Dette er jo meg! Det er jo dette eg treng! Og slik har det vore sidan. Så den opplevinga var jo det som starta heile musikalfesten i meg, altså.

I 1999 var Espen på teater med mor si og såg Jannicke Abrahamsen og Kjetil Tefke i Grease. Det sette varlige spor. Foto: Ronny Næss.

- Eg hugsar at eg tenkte at: Dette er jo meg! Det er jo dette eg treng! Og slik har det vore sidan.

Dreamgirls på Savoy Theatre er ei av framsyningane som har forført Espen. Foto: Dewynters.

- Men Dreamgirls i London var også veldig gøy! No er eg i gang, no kan eg nemne veldig, veldig mange titlar. The Book of Mormon… Fy fader, det var makelaust. Så som i himmelen på Oscarsteatern i Stockholm blåste meg heilt av banen. Ei oppleving eg aldri gløymer. Da eg fekk nyss i at musikalen skulle bli sett opp på Nordland Teater ringde eg teatersjefen med ein gong og sa at «eg MÅ vere med». Det har eg aldri før gjort i mine 14 år som skodespelar. Da eg nokre veker seinare fekk jobbtilbod og fekk spele Tore i nettopp Så som i himmelen, var det som å vinne OL, VM og EM samtidig. Eg hylgrein!

Kva for musikalkarakter assosierer du deg med?

Det er ikkje så lett å velje ein. For det er jo flust av karakterar å velje i! Enkelte musikalkarakterar kan bli bli noko eindimensjonale, og det tør eg faktisk påstå at eg ikkje er. Det er noko med rollegalleriet i Så som i himmelen som treffer meg veldig. Det djupt menneskelege. Draumen og ønsket om å bli elska. Eg kan kjenne meg igjen i mykje der.

Espen i rolla som Tore i Så som i himmelen på Nordland Teater. Foto: John Andre Aasen.

Eg kan for eksempel assosiere meg med den grufulle Miss Hannigan i Annie – og i andre enden av skalaen finn vi jo alle musikalprinsessene frå Disney. Eg elskar dei! Spørst heilt på dagen. Musikalar kan gjere deg galen. Berre nemner det!

- Musikalar kan gjere deg galen. Berre nemner det!

Kva for musikallåt har betydd mest for deg?

- Om eg skulle hatt eit lydspor til heile livet mitt, så ville det ha vore ulike musikallåtar. Det er vanskeleg å velje berre ein. Men for eksempel I am what I am frå La Cage aux Folles treffer meg kvar gong. Og så er det jo veldig mange av dei nye musikalane som betyr mykje for meg, for eksempel dei med musikk av Elton John og Cyndi Lauper. Billy Elliot og Kinky Boots har nydeleg musikk. Eg trykkar på repeat, og så lar eg berre musikallåtane rulle. Eg er ein musikalnerd. Og eg elskar det!