Bakgrunnsartikkel

Møt Geir Kvarme

Som ung gut sat han tårevåt i salen på Det Norske Teatret og opplevde det som skulle bli hans beste musikalminne. No skal Geir Kvarme stå på same scene sjølv og gi publikum dei beste bitane frå musikalhistoria.

Skrive av
Erlend Tårnesvik Dreiås
Erlend Tårnesvik Dreiås
Formidlingsdramaturg

Kva er Biten av musikal?

- Biten av musikal er eit samansurium av forskjellige musikallåtar som nokre av oss i ensemblet her på Det Norske Teatret har sett saman, til glede for alle dei som vil komme å sjå.

- Dette blir ein musikalsk festkveld med ganske billige billettar og desto meir moro!

- Dette blir ein musikalsk festkveld!

Kven er Biten av musikal perfekt for?

- Dette blir perfekt for alle som elskar musikk og alle som elskar musikal.

Heile sju gonger såg Geir Kvarme framsyninga Piaf. Den hadde premiere på Det Norske Teatret i 1980, og Britt Langlie fekk kritikarprisen for tittelrolla som Edith Piaf. Foto: Frits Solvang

Kva er det beste musikalminnet ditt?

- Det er mange! Eg elskar musikk, musikkteater og musikal. Eg hugsar veldig godt Les Misérables. Eg var ein ung gut og sat i salen her på teateret. Det var tårevått og imponerande.

- Og så hugsar eg veldig godt Piaf med Britt Langlie. Den framsyninga trur eg at eg såg sju gonger. Heilt fenomenal!

- Eg elskar musikk, musikkteater og musikal.

Kva for musikalkarakter assosierer du deg med?

- Eg trur det må vere Roger DeBris frå musikalen The Producers som eg spelte på Oslo Nye Teater i 2011. Ikkje fordi eg er så veldig lik han, men fordi han både har alvor og humor i seg, og det trur eg at eg også har. Det er iallfall ein fantastisk musikal, og Roger DeBris er ein fantastisk karakter.

Filmen The Producers frå 2005 var basert på Broadway-musikalen med same namn. Geir Kvarme spelte rolla som Roger DeBris da Oslo Nye Teater spelte musikalen i 2011. I filmen var det Gary Beach som spelte same rolle. Foto: Universal Pictures

Det Norske Teatret spelte Les Misérables i 1988. Da blei rolla som Jean Valjean spelt av Øystein Wiik. Geir Kvarme var i salen og opplevde sitt beste musikalminne - og fekk høyre musikallåta som har betydd mest for han.Foto: Michael Le Poer Trench

Kva for musikallåt har betydd mest for deg?

- Om eg berre skal velje ein, må det vere låta «Bring him home» frå Les Misérables. Det er ein fantastisk vakker ballade, med ein nydeleg tekst. Eg har sett den i mange variantar og den gjer like stort inntrykk på meg kvar gong.