Bakgrunnsartikkel

Møt Sisi Sumbundu

Sisi Sumbundu har karriere som korist for store artistar og eigen solokarriere bak seg. Og songen som har følgt henne, skal ho få synge i Biten av musikal.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonsrådgjevar

Kva er Biten av musikal?

Ei hylling til veldig mange av musikalane som har gått her på Det Norske Teatret, der vi prøver å få vist så mykje som mogleg av det fantastiske materialet som ligg i den musikalbanken. Publikum vil få oppleve eit svært mangslunge repertoar både i stilar og tidsepokar, framført av eit variert ensemble. Ei fruktkorg, vil eg kalle det!

Kven er Biten av musikal perfekt for?

Først og fremst for alle som likar musikk. Det er jo eit utruleg bra band på scenen som er verdt å komme for å høyre i seg sjølv. Det er perfekt for dei som likar å la seg underhalde. Ja, eg vil seie det er noko for alle. Alle aldrar. Det er jo alt frå Frost til Trost… i taklampa!

Kva er det beste musikalminnet ditt?

Åh! Bryggeteatret, 1989, Jungelboken. Ferdig snakka! Da var eg der så mange gonger at eg ikkje veit talet. Første gongen hylgrein eg på vegen ut fordi eg ikkje kunne gå inn igjen med ein gong og sjå det på nytt. Men eg fekk kassetten, og lærte meg alle songane. Og så sette vi Jungelboken opp i barnehagen, og mamma sat oppe heile natta for å sy kostyme til alle ungane.

Kva for musikalkarakter assosierer du deg med?

Det er kanskje litt flåsete å seie i og med at Beyoncé har vore involvert… Men det blir kanskje den trioen i Dreamgirls, sidan eg har vore i musikkbransjen sjølv i så mange år. Eg har sett begge sider av den medaljen, og jobba veldig hardt for å få ting til som kvinne i ein veldig mannsdominert bransje.

Kva for musikallåt har betydd mest for deg?

Det er litt artig, for det er ein av låtane eg skal få synge, nemleg Aquarius frå Hair. Når eg var ganske lita såg eg ei dame synge den på NRK, og eg berre: Ahhh! Eg digga det! Og så blei faktisk min første teaterjobb å synge den låta da eg var med i Hair på Oslo Nye Teater. Og no skal eg synge den her. Så denne låta har liksom følgt meg.

Toppfoto: Eva Rose