Bakgrunnsartikkel

Møt Mari Lerberg Fossum

Ho er oppvoksen ved teateret, og hadde si første store teateroppleving da ho var med faren på jobb. Sidan har ho bevega seg ut på dei skrå breiddene sjølv, og hatt store roller i musikalar som Mamma Mia!, A little night music, Assasins og Skjønnheten og udyret. No er ho klar for å synge sin favorittmusikallåt i Biten av musikal!

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonsrådgjevar

Kva er Biten av musikal?

Eit samansurium av ulike musikallåtar. Du kan tenkje at det er litt som Beat for beat. Ulike bitar frå musikalverda, sett saman til eit slags samansurium, der vi berre plukkar godbitane. Eit jækla bra show, vil eg seie!

Kven er Biten av musikal perfekt for?

Det passar for alle aldrar! Heile familien! Vennegjengen! Det er jo henta songar frå ei lang historie av musikal. Sjølv om du kanskje hatar musikal, så trur eg faktisk du kan komme til å elske Biten av musikal!

Crazy for you, Oslo Nye Teater, 1995. Foto: Oslo Nye Teater.

Kva er det beste musikalminnet ditt?

Eg er teaterbarn, så eg var med far min på teater og såg Crazy for you på Oslo Nye Teater. Gershwin-musikk… Åh! Det var så nydeleg! Det er mitt beste musikalminne frå langt tilbake i tid. Og så har eg også veldig gode minne frå eg spelte Sofie i Mamma Mia! Med Heidi Gjermundsen Broch for 15 år sidan, da eg berre var 21. Og no skal eg få stå på scenen med henne igjen – og eg gler meg sånn!

Kva for musikalkarakter assosierer du deg med?

I 2018 gjorde eg Dorothy i Trollmannen fra Oz med Riksteatret, og henne assosierer eg meg veldig med. Ho har draumar, ho har store ambisjonar og er oppteken av rettferd. Men er også sårbar, oppteken av vennskap, tøff og modig.

Kva for musikallåt har betydd mest for deg?

Det er faktisk Over regnbogen, også frå Trollmannen frå Oz. Ein av historias vakraste låtar, synest eg. Og den skal du faktisk få høyre meg synge om du kjem på Biten av musikal!

Mari som Dorothy på Riksteatret i 2018. Foto: Mats Bäcker/Riksteatret.