Bakgrunnsartikkel

Teaterhausten 2023!

Hausten på Det Norske Teatret blir både isnande kald og brennande heit.

Storslått eventyrmusikal for heile familien, vedhogst, gresk tragedie, Fossefestival og gratisperiode på Scene 3. Noko for ein kvar smak, med andre ord. Velkommen skal du vere!

Frost

Heilt ny iscenesetjing i dei nordiske landa. Frost er basert på Disney-filmen med same namn og det opphavlege eventyret «Snedronningen» frå 1844 av H.C. Andersen. Det er historia om to søstrer: Elsa som er isolert med ein mystisk hemmelegheit og Anna som legg ut på ei reise for å redde henne.

Frostrosar, kulde og snøkrystallar vil dominere Hovudscenen når Det Norske Teatret får premiere på Disney-musikalen Frost i ein non-replika-versjon av Broadway- og West End-suksessen. Er blod tjukkare enn is? Når stormen herjar som verst, er det berre ei handling av ekte kjærleik som kan tine eit frose hjarte. Framsyninga er eit samarbeid med Vesturport Teater i Reykjavik, og regissør er Gisli Örn Garðarsson.

Frost har tekst og musikk av dei Oscar-vinnande låtskrivarane Kristen Anderson-Lopez og Robert Lopez og manus av den Oscar-vinnande manusforfattaren Jennifer Lee.

Å få lov å ta Frost heim til Norden er i ei stor tillitserklæring frå Disney. Og ei ære! Eg storgleder meg til å lage den nordiske Frost-musikalen.

Regissør Gisli Örn Garðarsson

Musikalen Frost får Noregspremiere på Hovudscenen på Det Norske Teatret 14. oktober 2023.

Les meir om framsyninga HER.

Heil ved

Hadde du lite, frøys du. Hadde du for lite, døydde du. Boka Hel ved av Lars Mytting blei utgitt i 2011 og blei eit fenomen med over ein halv million eksemplar seld på verdsbasis. Boka fortel historia om relasjonen mellom ved og menneske, om vitskap og lidenskap, om vedhoggarar og vedfyrarar. Til hausten blir boka utgangspunkt for framsyninga Heil ved, med Erik Ulfsby som regissør. Med på scenen står musikar Stein Torleif Bjella som også er småbrukar med veaskog.

Urpremiere på Hovudscenen 12. november 2023. Les meir om Heil ved.

Ved var skilnaden på å fryse og å vere varm. Det var skilnaden på malm og jern, på rått kjøt og ei steik.

Det er forbausande få vedstablar på Instagram! Så det er nok særleg dei udigitale som likar dette her. Men vi er mange!

Forfattar Lars Mytting

Fossefestivalen

Hausten på Det Norske Teatret opnar med den tredje internasjonale Fossefestivalen. Denne gongen er det seks framsyningar som er med i programmet. Den greske tragedien Oresteia, gjendikta av Jon Fosse i regi av Eirik Stubø opnar festivalen. Det blir også eit gjensyn med Heddaprisvinnaren Trilogien av Luk Perceval. Og i samarbeid med Det Vestnorske Teateret er det i år urpremiere på det nyskrive Fosse-stykket I svarte skogen inne i regi av Miriam Prestøy Lie. I tillegg kjem det fleire gjestespel frå inn- og utland og eit breitt sideprogram.

Festivalperioden er 1. - 9. september 2023. Les meir om heile programmet her.

Fossefestivalen har også internasjonale gjestespel og eit breitt sideprogram.

Jours de joie / Tid for glede er eit gjestespel frå Odéon-Théâtre de l'Europe.
Jours de joie / Tid for glede er eit gjestespel frå Odéon-Théâtre de l'Europe.
Dziewczynka ze skrzypcami / Spelejenta er eit gjestespel frå dokketeateret Teatr Baj (Polen).
Dziewczynka ze skrzypcami / Spelejenta er eit gjestespel frå dokketeateret Teatr Baj (Polen).
Warm / Varmt er eit gjestespel frå den legendariske teatergruppa STAN (Belgia).
Warm / Varmt er eit gjestespel frå den legendariske teatergruppa STAN (Belgia).

Tilgi meg

Bjarte Tjøstheim debuterte på teaterscenen med soloframsyninga Det går betre no i 2018. Endeleg er han tilbake med ei ny framsyning. Tilgi meg er eit nytt sorgmuntert stykke, der komikaren og prestesonen med vaklande gudstru, ber om tilgjeving, ikkje berre frå høgare makter, men også frå alle rundt seg.

Urpremiere 13. oktober på Scene 2. Les meir om Tilgi meg.

«Etter den førre framsyninga mi Det går betre no, skjønte eg at mange har angst. Men enda fleire, om ikkje alle, har dårleg samvit.» - Bjarte Tjøstheim

Alt er gratis*

Frå midten av oktober og fram til jul kan du oppleve alt på Scene 3 heilt gratis! Farsen Vi betaler ikkje! Vi betaler ikkje! av Dario Fo opnar gratisperioden med Bartek Kaminski på regi. For dei yngste blir det eventyret Hans og Grete, med regi av Charlotte Frogner. I tillegg blir det eit breitt sideprogram med debattar, konsertar, lesingar og alt mogleg anna. Alt kan skje, og, som namnet tilseier: Alt er gratis*!

Billettar til framsyningar og informasjon om øvrige arrangement blir lagt ut etter sommaren. Les meir HER!

I haust blir det elleville dagar på Scene 3!

Fritt spelerom frå oktober og fram til jul.
Fritt spelerom frå oktober og fram til jul.
Vi betaler ikkje! Vi betaler ikkje! har premiere 19. oktober 2023.
Vi betaler ikkje! Vi betaler ikkje! har premiere 19. oktober 2023.
Eventyret Hans og Grete har premiere 16. november 2023.
Eventyret Hans og Grete har premiere 16. november 2023.

Enno ikkje sett desse? Framsyningar som blir med inn i hausten:

Fekk du ikkje sett Tid for glede sist? I haust får du sjansen igjen!

Tid for glede

Det blir eit gledeleg gjensyn med suksessframsyninga Tid for glede av Arne Lygre. Framsyninga fekk kritikarprisen 2020-2022. Regissør Johannes Holmen Dahl fekk Heddaprisen 2022 for Beste regi og Preben Hodneland vann prisen Beste mannlege skodespelar/medspelar. Tilbake 25. oktober 2023.

Les om Tid for glede.

Terningkast seks

«en stor begivenhet i norsk teater»

Sporv og Engel

Radikalt forskjellige, men med den same kjærleiken til kunsten. Ingeborg Sundrehagen Raustøl og Gjertrud Jynge portretterer to av Europas mest ikoniske songarar frå det tjuande hundreåret i den musikalske framsyninga Sporv og engel. Dette er forteljinga om venskapen mellom Marlene Dietrich og Edith Piaf.

Les om Sporv og engel.

Framsyninga Sporv og engel blir med inn i hausten.

Terningkast fem

«Ildfullt vennskap, glødende musikk»

Rolla som Tamino blir spelt av Vetle Bergan.

Tryllefløyta

Mozarts klassiske meisterverk i ei fortrollande og fantasirik oppsetjing. Det handlar om krafta i kjærleiken og musikken, om kampen mellom det gode og det vonde og om å finne sin veg i livet. Regien er ved Ole Anders Tandberg.

Les om Tryllefløyta.

Haugtussa

Skodespelar Ane Dahl Torp har klipt og limt i Garborgs medrivande diktsyklus for å kaste nytt lys over den mystiske og synske Veslemøy, i samspel med komponist og trompetist Miljeteig. Framsyninga hadde premiere i 2013 og har i haust vore på repertoaret til Det Norske Teatret i 10 år.

Les om Haugtussa.

Garborgs nasjonalepos som suggererande og musikalsk forteljarteater.

Terningkast fem

«Poetisk og rå»

Regissør er Sigurd Ziegler og på scenen står Oddgeir Thune, Christian Ruud Kallum og Marie Blokhus.

Sudden death

Ein mann har nett fått vite at mor hans er død. På veg til tennistrening køyrer han i hel ein katt. Eller? Gjer han det? Dramatikar Petter S. Rosenlund har skrive eit humoristisk og absurd manus med ein god dose samfunns- og mediekritikk – eit slags verbalt sluttspel mellom Samuel Beckett og Woody Allen.

Les om Sudden death.