Ytring

Kva er verdien av kunst?

Scene 3 har vore ein suksess sidan etableringa i 2011. Den tidlegare Prøvesalen fekk den gongen nytt namn, og skiftet skulle markere ein ektefølt ambisjon om å styrke og utvikle scenekunsten i det vesle formatet.

Skrive av
Erik Ulfsby
Erik Ulfsby
Teatersjef

Teksten, skodespelaren og regissøren skulle stå i sentrum. Det var eit poeng å treffe publikum i ei nær og intim oppleving, og Scene 3 skulle markere eit avgjerande kunstnarleg kontrapunkt til den store og avanserte Hovudscenen. Scene 3 skulle ha høg risikofaktor, stor fleksibilitet og stå for ei revitalisering av scenerommet.

No er det på tide å trimme suksessen og å dykke enda djupare ned i undersøkinga av kva scenekunsten skal og kan vere. I ein periode over 60 dagar skal vi teste ut verdien av kunsten. I ei tid der kulturlivet melder om sviktande publikumsbesøk og strammare økonomi, og der vi alle må leve med auka renter, høgare energiprisar og forverra privatøkonomi, vil vi forske i kva som skjer dersom økonomi ikkje er eit tema. Vi opnar derfor med Dario Fos kjende samfunnssatiriske tekst Vi betaler ikkje! Vi betaler ikkje! Og denne tittelen kjem til å vere ein slags merkelapp på denne testperioden vår. Vi legg nemleg alle speledatoar ut heilt gratis og vil tilby eit program med stor breidde. Det skal vere kuratert av dei kunstnarlege kreftene på teateret, med husregissør Peer Perez Øian i front. To framsyningar blir presentert i eit enkelt format, ei for vaksne og ei for barn. Andre initiativ kjem frå ensemblet vårt.

Dette siste året har vore prega av gjenreising i teaterfeltet etter pandemien som råka kulturlivet ekstra hardt. Debatten har tidvis gått høglydt om korleis vi skal få publikum tilbake i salane. Fleire har peikt på prisreduksjon som eit middel, at teater bør og skal vere eit fellesgode, og at både politikarar og styre bør leggje meir vekt på publikumstal enn inntening. Andre har meldt seg i debatten med ein uttrykt redsel for kommersialisering av scenekunstfeltet.

I ei tid der mange ikkje ser på teaterbesøk som ei reell moglegheit – det er berre nok ei eksklusiv vare for den kjøpesterke klassen – eller dei rett og slett ikkje er i stand til å prioritere det, er det viktigare enn nokosinne å halde oppe teaterets kraft. Og fordi mange også opplever det som dyrt, er det viktig for oss å ha eit tilbod som ikkje kostar noko for nokon av oss.

Det er rett nok ikkje noko radikalt nytt at vi har eit gratis tilbod på teateret. Debattar og samtalar har alltid vore gratis, «Lunsj&Lyrikk» er eit opent tilbod vi har hatt i 35 år, men no gjer vi det enda meir spissa. Framsyningar, konsertar og stunt skal vere gratis innanfor ei veldig enkel, men effektiv kunstnarleg ramme. Vi kjem også til å sleppe publikum inn til noko litt meir uferdig. Dei store opplevingane som vi som arbeider i teateret, kan ha i ein prøvesal, dei skal publikum no få ta del i. Dette er ledd i eit forsøk på å sleppe publikum tettare på, eller inn, bak, saman med oss. Og når vi først gjer det, bør vi kanskje også setje av tid til debatten – kva skal teateret vere, korleis utvikle kunstforma, og – ikkje minst – kva skal det koste?

Publisert 12. april 2023.