«Tilgi meg er genuint underholdende fra start til slutt»

«Etter den førre framsyninga mi Det går betre no skjønte eg at mange har angst. Men enda fleire, om ikkje alle, har dårleg samvit.» – Bjarte Tjøstheim

Bjarte Tjøstheim er tyngd av dårleg samvit. Ikkje berre for alt det dumme han har sagt og gjort, men også for det han ikkje har gjort. Som å støvsuge og klippe plenen. Bjarte hatar praktisk arbeid og meiner det er under hans verdigheit å måtte dra rundt på den dumme støvsugaren.

For Bjarte Tjøstheim skulle jo eigentleg bli ein stor og framståande mann, ei blanding av Jens Stoltenberg og Jan Egeland, som skulle utrette store ting i verda.

I staden har han blitt ei blanding av idiot og komikar, ein sånn som lever av å avbryte og komme med dumme kommentarar. Kva gjer du når avstanden mellom den du er, og den du ønskjer å vere, blir for stor? Er det for seint å bli eit betre menneske?

Den vanskelegaste tilgjevinga

Tilgi meg er eit nytt sorgmuntert stykke av og med Bjarte Tjøstheim, der komikaren og prestesonen med vaklande gudstru ber om tilgiving, ikkje berre frå høgare makter, men også frå alle rundt seg. Men vanskelegast av alt blir det kanskje å tilgi seg sjølv.

Bjarte Tjøstheim debuterte på teaterscenen med soloframsyninga Det går betre no på Det Norske Teatret i 2018. Framsyninga spelte for fulle hus og har sidan vore på turné rundt i heile Noreg. For mange er Tjøstheim kjent som ein tredjedel av podkasten Papaya og for fleire humoristiske tv-program på NRK.

I samarbeid med Underholdningskonsulenten Bjarte Tjøstheim.

Showpakker (hotell + billett)

Kjøp billett

Vel speledato for Tilgi meg

Finn ut meir