- Heile kunstnarskapen min er basert på sprekkar og feil. På det som gjer at vi alle ber på ei kjensle av å ikkje strekke heilt til. Teateret må vere ei linse for å forstå oss sjølv betre. For å få ei kjensle av at vi ikkje er åleine.
Ho håpar repertoaret i hennar første sesong vitnar om ein teatersjef med ein ny synsvinkel. Vinkelen er også fysisk. Ho ragar knappe 130 cm over bakken. Ho er også den første kvinnelege teatersjefen i den meir enn hundre år gamle historia til Det Norske Teatret*. Og ho har erfaringar med seg inn i arbeidet som ho trur kan få fleire til å søke seg hit.
Ei polarisert offentlegheit, krevjande tider for kulturfeltet og kamp om merksemd er nokre av utfordringane ho ikkje ser særskilt tungt på.
- Eg tenker at teaterets tid er no. Eigentleg.
- Eg tenker at i krevjande tider med så få rom å samlast i, er teateret viktigare enn nokosinne. Det er sjølvsagt oppgåva vår å opne opp, slik at folk forstår at dei kan komme hit. Det er ikkje farleg. Så kan du jo komme inn med den du er. Og når du kjem ut igjen, så har kanskje tankane dine flytta seg litt, eller kanskje du berre har hatt ein pause, der du kan glede deg saman med andre. At du blir litt rikare. Det må vere oppgåva, tenker eg.
Lågare terskel
Eit av prosjekta til Kjersti Horn er å gjere teateret meir inkluderande.
- Det Norske Teatret, som idé, er jo nettopp at det er eit teater for alle. Og det er vi medvitne om når vi vel kva for framsyningar vi skal spele, kven som skal lage dei, kven som skal skrive for oss, kven som skal stå på scenen. Vi prøver heile tida å sjå på korleis vi kan gjere terskelen litt lågare. Korleis kan vi formidle til folk at dette er noko som vedkjem deg?
Sjølv har ho som regissør ofte interessert seg for scenetekstar om dei som ikkje nødvendigvis passar inn. Einstøingar. Taparar. Dei som sjølv har definert seg ut av samfunnet. Eller dei som samfunnet ikkje finn plass til. Men også beundringsverdige karakterar. Komplekse skapnader. Og kvinner. Kjersti Horn er opptatt av kvinner. Fryktlause, undertrykte, kjempande, frenetiske og overtydde kvinner. Kvinner med ressursar, men også dei som har tapt alt. Alle desse har ho gjort plass til i scenerommet.
Korleis kan vi formidle til folk at teater er noko som vedkjem deg?
Kvinneskjebnar
Karrieren starta her på Det Norske Teatret med Mitt namn er Rachel Corrie i 2008. Kjersti Horn var fersk instruktør frå Dramatiska Institutet i Stockholm og gjorde debuten sin på Scene 3 med eit stykke basert på dagbøkene til den amerikanske fredsaktivisten Rachel Corrie, ungjenta som stilte seg i vegen for ein bulldosar og blei drepen da ho forsøkte å beskytte ein palestinsk heim. Sidan har ho vendt tilbake til ulike kvinneskjebnar. Bergljot i Vigdis Hjorths Arv og miljø, mora til Edouard Louis i Ei kvinnes kampar og forvandlingar, Kristin Lavransdotter i Sigrid Undsets store romanverk og no sist Hedda Gabler, som framleis spelar på Hovudscenen. Men ho har også gjort klassikarar som Romeo og Julie, Anna Karenina, Hamlet og Peer Gynt. Alltid med eit grep som problematiserer det som er annleis.
- Sjølv om det livet eg har er privilegert, så lever eg med ei funksjonshemming. Da er verda på ein måte annleis.
Født inn i teateret
- Eg er jo på mange måtar ein teaterbroiler. Og sjølv om det livet eg har er privilegert, så lever eg med ei funksjonshemming. Da er verda på ein måte annleis. Fordi eg er annleis.
Ho er fødd inn i teaterbransjen og vaks opp under bogane på Nationaltheatret og Oslo Nye Teater. Men det var ikkje sjølvsagt at ho skulle gå same vegen. Det var ei livskrise som førte henne til scenen, ikkje tanken på at vegen låg open.
- Mange funksjonshemma barn blir fortalde at dei er som alle andre. Men så kom eg i ein alder der eg plutseleg skjønte at sånn er det jo ikkje. Det stemmer ikkje for meg. Framtida mi ser ikkje heilt lik ut som for vennane mine.
Å kjenne seg igjen
Møtet med Shopping and fucking av Mark Ravenhill blei avgjerande for Kjersti Horn. I teaterstykket frå 1990-talet om unge menneske som desperat prøver å knyte band til samfunnet, utan å få det til, kjente Kjersti Horn igjen kjensla av å stå utanfor.
- Det sette ord på noko eg ikkje hadde ord for sjølv på den tida. Det handla jo ikkje om nokon som var i min situasjon, og det var jo på eitt vis viktig. Det finst mange minoritetsgrupper. Men funksjonshemma er ofte veldig åleine. Vi har ikkje nokon stad, vi har ikkje nokon å spegle oss i eller nokon å eigentleg snakke med. Det er forbunde med mykje skam. Eg las stykket til Ravenhill, og opplevde at det som blei skildra der var noko som trefte meg.
- Det sette ord på noko eg ikkje hadde ord for sjølv på den tida.
Ho sette opp stykket på Centralteatret etter mange omvegar, kampar og hindringar. Det blei ein suksess. Men meir enn det; avgjerda var tatt. Kjersti visste kva ho skulle halde på med resten av livet.
- Ja, det var jo ein viktig veg inn i teateret for meg. Eg prøver ofte å minne meg på det når eg arbeider. Det heile starta med ein lengt etter å kunne prate med andre menneske, finne ein veg til å kanskje ikkje å prate eingong, men å finne ein slags fellesskap. Det fann eg i teateret. Men teateret er jo også noko anna. Det er det usagte, det vi ikkje klarer å setje ord på.
Lytte og tenke saman
Kanskje er det nettopp denne vissa, denne erfaringa, denne kjensla av å ikkje vere som alle andre, som gjorde at Kjersti Horn ville vere med å bestemme . No er det ho som sit øvst i teaterhierarkiet. Det er ho som legg planane for kva skal opp på landets største teaterscene. Ansvaret for dei som trur at dei ikkje passar inn følgjer henne i gjerninga.
- Eg er veldig opptatt av at teateret vårt skal vere ein stad du kan komme til med dei tinga du kanskje ikkje kan dele med nokon.
- Eg er veldig opptatt av at teateret vårt skal vere ein stad du kan komme til med dei tinga du kanskje ikkje kan dele med nokon, og sitje saman ved sida av nokon du kanskje ikkje kjenner, eller kanskje med mor di eller bestekompisen din. Og kanskje vi ikkje treng å finne svar eller å uttale alt, men vi er i alle fall saman og prøver å finne ein veg, for å lytte saman og tenke saman. Det Norske Teatret er alle sin stad, alle sitt teater. Det kan gjere deg litt klokare og litt gladare. Eller det kan vere til litt trøyst.
* Cally Monrad blei sett inn av Nasjonal Samling under krigen, men blir ikkje rekna blant teatersjefane vald av styret og dei tilsette ved Det Norske Teatret.
Artikkelen er publisert 5. november 2024.