Portrett av Carl Martin Eggesbø

Carl Martin Eggesbø

(f. 1995) frå Oslo er utdanna skodespelar ved Kunsthøgskolen i Oslo (2016-2019).

Han var først knytt til Hålogaland Teater, og deretter gjekk turen til Trøndelag teater, der han mellom anna spelte rolla som Romeo i Romeo og Julie (2021), Bosse i Mio min Mio (2021) og Mannen i Nokon kjem til å komme (2022). Sidan har han vore ved Det Norske Teatret, og har vore del av produksjonane Byggmeister Solness og Det såkalla heisstykket i 2023, Sportskoret (2024) og hatt hovudrolla som Louis i Berre verdas undergang (2022) og tittelrolla i Roberto Zucco (2024).

Carl Martin Eggesbø starta karrieren som barneskodespelar i filmane Kalde føtter (2006), Orps: The movie (2009) og TV-serien Orps (2009) på NRK. I 2016-2017 spelte han rolla som Eskild i NRK-serien SKAM. Andre film- og TV-rollar: Harry Braude i Den største forbrytelsen (2020), Rasmus i TV-serien Pørni (2021-2022) og korporal Gunnar Tofte i Kampen om Narvik (2022).

Aktuell med

Portrett av Europavisjonar

Europavisjonar

Fredag/ 07. nov. 2025/ 19:30
Rolle
Marcus Søderdahl, Tony Blair, Viktor Orbán, Ein grekar mfl
Kjøp billett

Tidlegare framsyningar

2025 Arv og miljø Søren
2025 Vinter
2024 Roberto Zucco Roberto Zucco
2024 Sportskoret
2023 Det såkalla heisstykket
2023 Byggmeister Solness Medverkande skodespelar Det Norske Teatret
2022 Berre verdas undergang Louis