«Man kan være enig eller uenig i synspunktene som presenteres, kanskje kan de også oppleves som ironiske, men når Jelineks tekst treffer, så har den utrolig mye energi.»

Sportskoret handlar om krig og kamp, kjønnskamp, overlevingskamp, prestasjonskamp. Om eit samfunn der alt og alle kan bli redusert til sin eigen marknadsverdi, der menneske blir brukt og kasta og om den totale meiningslause i tilværet. For det er jo til sjuande og sist berre eit spel?

I Rebekka Nilssons regi blir Scene 3 omgjort til ein kampsone når Sportskoret av Elfriede Jelinek tek over rommet. Skiljet mellom sal og scene er viska ut. Ambisjonen er å lage ein fotballfest gjennom å sameine det veldige folkelege i motivet og ordstraumen som på kjent Jelineks vis bølgjer over publikum. Fotballkampen dannar ramma for framsyninga. Vi skal lade opp i eit autentisk miljø. Frå studio høyrer vi ekspertane som kommenterer, supporterar drikk seg varme på puben og laget varmar opp medan dei diskuterer strategien. Så følgjer det to omgangar, med innlagt pause. Her blir det underhaldning og reklameinnslag – og sjølvsagt sal av drikke og snacks. I etterspelet følgjer vi laget – kven no det er. Kanskje er det oss som samfunn, eit stort VI som utgjer ein fellesskap og som vekslar mellom individuelle og felles ytringar.

Fotballkultur

I Sportskoret tar Nobelprisvinnaren Elfriede Jelinek for seg fotballen som fenomen og idé og alt den fører med seg av medieoppstyr, fankultur, trenardrama og kjønnskamp! Da Jelinek fekk Nobelprisen i litteratur var det mellom anna for «den musikalske straumen av stemmer og motstemmer i romanar og skodespel som med eineståande språkleg lidenskap avslører absurditeten og den overtydande krafta i sosiale klisjear».

I Sportskoret blir fotballen nytta som linse for å sjå nærare på samfunnet vi lever i, eit portrett av eit nyliberalt prestasjonssamfunn der alt blir målt. Du må prestere og vere i rørsle heile tida, alle individa må vere i rørsle, økonomien må vere i flyt – vi skal vidare, framover, oppover, vi må ha betre og sterkare resultat, og viss det flatar ut, er det like før det kollapsar. Og da vender vi oss mot kvarandre.

I tillegg brukar Jelinek massefenomenet sport som ein metafor for all den overdrivne innsatsen vi menneske i kapitalrike industriland gjer for å halde oss vakre, sterke og sjølvrealiserte. Kulten av fitness og kropp samt idoliseringa av idrettsutøvarar som moderne heltar er sentralt. I sport, og særleg fotball, er økonomien meir ekstrem enn vi klarar å fatte. For kva er ein spelar verd? Eit par milliardar i overgangssum – er det eit symbol på noko anna? Og kven blir mennesket i dette?

Korverk

Sportskoret er eit korverk, og det blir snakka i eit vi, men kven dette vi-et er, er ikkje tydeleg. Jelinek sameiner røystene til dei som kommenterer sporten: målvaktar og skodespelarar, journalistar og andre heltar, og som i den greske tragedien står koret i utkanten av arenaen og beveger seg inn i rampelyset og kommenterer. Sjargongen frå fotballen bygger eit reisverk som gir fleirtydige assosiasjonar og som tidvis er morosam, men som tidvis også gir seg heilt absurde utslag.

Betal det du vil*

* Du bestemmer prisen!
Frå nyttår til og med 1. mai blir heile repertoaret på Scene 3, med unntak av gjestespel, lagt inn i ein ny og annleis pristabell. Da er det du som publikummar som avgjer kva du vil betale for billetten. Vi har fleire ulike prisklassar å velje blant, frå 100,- til 400,-.

Finn ut meir