Søstrene Søstrene
av Jonas Hassen Khemiri
Eit storslått familiedrama som strekker seg over fleire år og kontinent.
Jonas, forteljaren i Søstrene, veks opp i Sverige i 1980-åra. Det gjer òg søstrene Ina, Evelyn og Anastasia. Ei organisert søster, ei slåande vakker søster og ei grenselaus søster. Kven er dei eigentleg, og kvifor blir dei så viktige for livet hans?
Forbanninga
I løpet av dei neste tretti åra blir liva deira vovne saman, gjennom nyttårsfestar, språkkurs og livskriser, kjærleikshistorier og felles vener. Men det som knyter dei mest saman, er forbanninga som kviler over søstrene - ei forbanning som stammar frå ei anna tid og eit anna land: at alt dei elskar, vil dei òg miste.
Tretti år - tre kontinent
I spennet mellom Sverige, Tunisia og New York, frå 1980-åra til i dag, gjennom fakta og fiksjon, blir det spunne eit nett der forteljinga og sanningane stadig endrar seg. Dette blir ei leiken og musikalsk forteljing om identitet, tid og kven vi er eller vil vere for kvarandre.
