- Det er eit megalomant prosjekt, seier Maren Bjørseth og ler.
Da ho skulle fylle 40 år stod romanen av Khemiri øvst på ønskelista. Ikkje lenge etter satt ho i møte med teatersjef Kjersti Horn og presenterte ideen om å dramatisere romanen. Og det før ho hadde lese halve boka.
- Ein skikkeleg pageturner! Argumentet mitt var at karakterane var så spennande at vi burde la dei kome til live på ein scene. Kjersti er fantastisk – ho sa ja, den skal eg lese, og etter knappe to veker kom ho tilbake og sa det synest eg vi skal gjere. På Hovudscenen.
- Det er eit megalomant prosjekt.
Maren Bjørseth er ikkje framand for å setje store og ulike romanverk inn i scenerommet. Tidlegare har ho gjort teaterstykke av Prima Facie, Anna Karenina, Nei og atter nei, Leksikon om lys og mørke og Mi briljante venninne, for å nemne nokre. Men også Khemiri sin litteratur har ho sysla med tidlegare. I 2018 gjorde ho Alt jeg ikke husker på Trøndelag Teater og ser eit slags slektskap mellom desse bøkene.
- Det er ei linje i forfattarskapen hans, noko som ligg der og som dukkar opp som referansar, gjentakingar eller ein tynt spunnen tråd, som gir nokre svar.
Kritikarrost roman
Khemiri har lenge hatt eit stort internasjonalt publikum. Med Søstrene fekk han utvida lesarkretsen sin ytterlegare. Boka kom på lista over dei ti beste bøkene i 2025 i The New York Times, og hamna same år på listene over dei beste bøkene i Die Zeit, The New Yorker’s Best Books, Publishers Weekly og The Times, for å nemne nokre. Han flytta til New York for å skrive teksten som først kom på engelsk, før han skreiv heile romanen nok ein gong på svensk.
- Alle bør lese romanen. Den er ein lesefest!
Søstrene er ein stor roman, både konkret og biletleg. Han er omfattande, meir enn 650 sider, strekker seg over mange år og vekslar mellom ulike tidsplan, som blir kortare dess lenger ut i romanen ein kjem. Sjølv har Khemiri uttalt at dette er gjort for å vise at tida går fortare jo eldre vi blir. Det handlar om Jonas, som i likskap med forfattaren veks opp i drabantbyen utanfor Stockholm saman med den svenske mora, den tunisiske faren og dei to små brørne sine. Her blir han kjent med tre søstrer, som også er halvt tunisisk og halvt svensk. Mor deira og far hans kjenner kvarandre frå Tunisia. Jonas blir besett av søstrene.
- Alle bør lese romanen. Den er ein lesefest! Og så startar det heile med ein heidundrande fest, som vi sjølvsagt vil ta med inn på scenen.
Romanen opnar nyttårsaftan der år 1999 skal bli til 2000. Ina, Evelyn og Anastasia er på veg inn på den aller kulaste festen.
Storesøster Ina er veldig høg, veldig god i basketball og veldig fornuftig. Den slåande vakre Evelyn er eit sosialt nav. Ho hamnar alltid i sentrum, er god på å skjønne kva folk vil ha av henne, og denne velsigninga - eller forbanninga – blir viktig for kva som skjer vidare i livet hennar. Den yngste er Anastasia som er 19 år ved inngangen til det nye milleniet. Ho er ein laus kanon, har ei vill og energisk utstråling og hoppar på alle sjansar, sjølv om ho manglar kontroll.
- Det er ein suggererande start. Alle vi som levde da, vi hugsar jo den kvelden. Skulle verda gå under? Ville all elektronikken slutte å funke? Khemiri har fanga ikoniske augeblikk i tida. Den faktiske historia finst parallelt med fiksjonen. Jagarflyet som krasjar under flyshowet på Vattenfestivalen i Stockholm i 1993, pandemien som snik seg inn i livet våren 2020. Hendingar som påverkar livet til folk.
Jonas Hassen Khemiri. Foto: Max Burkhalter/Gyldendal Forlag.
Storslegen forteljing
Vi følgjer Jonas og søstrene frå 80-åra og fram til 2020-åra. Vi blir tatt med til Stockholm, Tunisia og New York, men også til den svenske Vestkysten, til bryllaup i Tyskland og ein kjapp tur til Paris.
- Det vi kan gjere på teateret er jo at vi får oppleve desse folka av kjøt og blod. Og det er mogleg å sjå seg sjølv i alle desse jentene. Vi må rett nok velje bort mykje, men dramatiseringa som Kristofer Grønskaghar gjort har behalde mange scenar som er viktige for forteljinga og for karakterane. Desse jentene er uføreseielege. Og vi må nesten forme dei på nytt. Dei er korkje gode eller vonde, men litt av alt. Khemiri skriv fram heile menneske, ingen er perfekte og alle gjer uventa ting.
Historia i Søstrene er prega av to typar forbanning. Mor til søstrene har fortalt at det kviler ei forbanning over dei og familien deira. Dei er ganske styrt av denne tanken, at det er visse ting dei kan gjere, andre ting dei ikkje må gjere. Mange ulykker som skjer gjennom livet blir tilskrive denne forbanninga. Der søstrene blir mint på mora sin angst, har Jonas og brørne ein far som stadig gjentar at dei kjem til å ende opp som knarkarar. Men er det eigentleg mogleg å endre forteljinga om kven vi er? Kan vi frigjere oss frå familiemyten som vi veks opp med, og som pregar oss?
- Ei rekke karakterar skal gå frå å vere barn til å bli unge vaksne i løpet av denne framsyninga. Det handlar om identitet, om kulturell forankring, om ei framandgjering som mange av oss ikkje kjenner så godt, men som andre har tett på kroppen. Det er ei forteljing som også snakkar til eit yngre publikum. Det handlar om dei formative åra, der du finn ut kven du er, kven som er vennene dine og kven som er familien din. Spørsmålet blir jo kven du skal vere i forhold til desse og korleis du kan forme ditt eige liv.
Draumar som brest
Men inni mellom krasjar draumar og håp med verkelegheita. Og ting blir ikkje som ein hadde trudd.
- Alle desse fire er veldig gjenkjennelege. Vi gjer jo alle vårt beste, og så gjer vi mykje som vi ikkje heilt veit kvifor vi gjer. Ein kan tru at ein har kontroll på livet, og så blir alt heilt annleis. Nokre val får uventa konsekvensar. Og det herlege med Khemiri sin tekst er at du aldri helt veit kor vi skal. Vi gjer ofte store romanprosjekt på scenen, men dette skil seg ut ved at det ikkje er heilt perfekt. Den dramatiske oppbygginga er ikkje lineær slik vi ofte tenkjer oss ei historie. Forteljinga liknar meir ein TV-serie. Vi er vant til at det på ein eller anna måte kjem ein konklusjon. At den slemme får som fortent, eller at dei elskande får kvarandre til slutt. Her skjer ikkje det.
Ein kan tru at ein har kontroll på livet, og så blir alt heilt annleis.
Maren Bjørseth gler seg til å verkeleggjere prosjektet ho har drøymt om å få gjere. Lage framsyninga om sjølve livet. Med seg har ho eit sterkt kunstnarleg lag som skal sørgje for at den rette musikaliteten og teaterleiken kjem på plass. Olav Myrtvedt har scenografien, Alva Brosten Walderhaug er kostymeansvarleg, Alf Lund Godbolt designar lydbildet, Norunn Standal har lysdesignet og Ida Wigdel er koreograf. Det blir store sceneskift, med mykje rørsle, dans og sterke visuelle og lydmessige effektar. Men heilt sikkert ikkje akkurat slik dei har sett for seg.
Litt som livet sjølv, med andre ord.