Bakgrunnsartikkel

And so it was told

I sin siste roman Søstrene, som i haust er klar for teaterscenen, har Jonas Hassen Khemiri skrive seg sjølv som forteljar. Det er ikkje første gang verkelegheita er til stades i fiksjonen til historieforteljaren Khemiri.

Skrive av
Erlend Tårnesvik Dreiås
Formidlingsdramaturg

I meir enn 20 år har Jonas Hassen Khemiri vore ei nyskapande stemme i den svenske litterære offentlegheita. Han skriv romanar, skodespel, noveller, artiklar og kronikkar, og er ein av Skandinavias mest hylla og lesne forfattarar.

Khemiri blei fødd i 1978 og vaks opp på Södermalm i Stockholm med si svenske mamma, sin tunisiske pappa og to brør. 25 år gammal debuterte han med romanen Ett öga rött (2003), ein dagboksroman ført i pennen av ein innvandrar på innvandrarsvensk. Romanen vekte stor merksemd, og blei både dramatisert og filmatisert. Tre år seinare kom Montecore: en unik tiger der hovudpersonen Jonas, som nettopp har debutert med romanen Ett öga rött, forsøker å skrive ei bok om sin tunisiske far.

Kristin Grue, Ingunn Beate Øyen og Ragnhild Hilt i Vi som er hundre av Jonas Hassen Khemiri. Den spelte på Det Norske Teatret i 2012.

Det sterke samfunnsengasjement til Khemiri har gjort han sentral i debattar om innvandrarar og integrering i Sverige. Mellom anna med kronikken som var utgangspunktet for kortromanen og teaterteksten Jag ringer mina bröder, publisert i Dagens Nyheter etter bombingane i Stockholm i 2010.

Han markerte seg også i debatten kring papirlause innvandrarar i 2013 da han publiserte eit ope brev til den svenske justisministeren der han skreiv om svensk politi sin bruk av etnisk profilering. Same året starta han ein skriveverkstad for papirlause innvandrarar.

Kadir Talabani, Thomas Bipin Olsen, Sara Khorami og Jae Nyamburah i Eg ringer mine brør av Jonas Hassen Khemiri. Den var eksamensframsyning for Det Multinorske, og spelte i 2015. Foto Ylva Catodotter Fyllingsnes.

Bøkene til Khemiri har blitt omsette til eit trettitals språk, og teaterstykka er sett opp over heile verda. Han har vunne fleire prisar og utmerkingar for arbeidet sitt, mellom anna den høgthengande August-prisen for romanen Allt jag inte minns (2015), og den franske prisen Prix Médicis for romanen Pappaklausulen (2018).

Romanen Søstrene blei utgitt i 2023 og opnar med orda «And so it was told…». Den handlar om Ina, Evelyn og Anastasia, tre søstrer som flyttar inn i nabolaget der Jonas bur. Han er forteljaren i historia, har same namn som forfattaren sjølv, og har gitt ut dei same bøkene som han. Handlinga, som strekker seg over 30 år og fleire kontinent, følger dei tre søstrene og forteljaren sine liv og korleis desse er vikla saman.

Bartek Kaminski og Agnes Kittelsen i framsyninga ≈ [Tilnærma lik] av Jonas Hassen Khemiri. Den spelte på Det Norske Teatret i 2016. Foto: Dag Jenssen.

I dag bur Jonas Hassen Khemiri i New York, der han underviser i kreativ skriving ved Universitet i New York. Med teaterpremiere på Søstrene i haust, blir det fjerde gongen Khemiri står på repertoaret på Det Norske Teatret.