Bakgrunnsartikkel

Ein travel nykommar

Den ferske skodespelaren Elpida Stojcevska har blitt ein snakkis etter hovudrolla som den nyutdanna legen Petra i NRK-serien LIS. Når ho no skal debutere på teaterscenen gjer ho det like godt i sesongopninga på Hovudscenen på Det Norske Teatret.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

Der skal ho spele rolla som den eldste søstera, Ina, når Jonas Hassen Khemiris suksessroman Søstrene blir dramatisert for scenen. Forfattaren skriv upretensiøst om utanforskap blant svenske innvandrarar og barna deira, om livet, familieforhold, vennskap, kvardagar og fest.

Vi møter Jonas som, i likskap med forfattaren, veks opp i ein drabantby utanfor Stockholm. Far er tunisisk, mor er svensk. Til nabolaget flytter dei tre søstrene Ina, Anastasia og Evelyn. Også dei med røter i Tunisia. Ina er ikkje berre den mest organiserte i søskentrioen, ho er den som tar mest ansvar, studerer, skaffar seg kjærast og etter kvart familie. Dei to yngre søstrene slit meir med å finne sin plass i vaksenverda.

Tre ulike søstrer

Alle tre har eit komplekst forhold til mor si og til framtida. Dei lever med ei forbanning over seg, i følgje mora, nemleg at alt dei elskar, skal bli tatt frå dei.
- Ina tar mykje ansvar, ho er eit ordentleg menneske. Eg kjenner meg igjen i rolla som storesøster. Eg ER jo det. Det er ein replikk i manus som trefte meg særleg, som går ut på at det ligg ei særskild glede i stemma til storesøster når ho kan hjelpe dei yngre. Den kjenner eg! Når søster mi ringer meg og spør, så er eg veldig på tilbodssida, hahaha! Eg fiksar det, berre kom med det!

Nader Khademi spelar Jonas, Hibba Najeeb er den yngste søstera Anastasia, Natalie Bjerke Roland den mellomste søstera Evelyn, medan Elpida Stojcevska er den eldste søstera Ina. Foto: Eirik Malmo.

Når søster mi ringer meg og spør, så er eg veldig på tilbodssida!

Elpida Stojcevska er teaterdebutant denne hausten, men allereie eit kjent fjes for mange gjennom NRK-serien LIS. Foto: Ole Herman Andersen.

Kreativ familie

Elpida Stojcevska kjenner litt på nervane i ein debutsesong som har gitt ho store oppgåver. Bærumsjenta med anar frå Makedonia starta tidleg med teater, og har halde på med barneteater og seinare scenekunst og kortfilmar gjennom heile livet. Eit kreativt familiemiljø gjorde at yrkesvalet ikkje var så skummelt. Begge foreldra jobbar i filmindustrien og kusina er den Berlin-baserte regissøren Angelina Stojcevska, som også har sett avtrykk i den heimlege scenekunsten.
- Men eg kjenner meg veldig fersk når eg kjem hit, seier ho med ein latter.

TV-stjerne på ein blunk

For publikummet kan ho likevel verke som ei dei har følgt ei stund. Serien LIS frå sjukehuset Innlandet har treft mange, ikkje minst dei som sjølv arbeider i helsevesenet.

- Ja, kanskje spesielt dei. Eg har fått mange meldingar frå tilsette som har arbeidd både kort og veldig lenge som er begeistra for serien. At det er som å sjå ein dag på jobben deira. Det er også dei som gjerne stoppar meg på gata, og som har historier frå eige liv i helsevesenet. Det var så viktig for oss at det skulle vere truverdig og at vi representerer helsepersonell og det dei står i på ein ordentleg måte. Når så mange kjem og bekreftar det, så er det kult. Kollegaer i serien har til og med fått høyre at legar kan merke at sjølv pasientar oppfører seg betre etter at serien er sendt. Kanskje vi alle får eit betre syn på utfordringane som finst innfor veggane i eit sjukehus?

- Det var viktig for oss at det skulle vere truverdig og at vi representerer helsepersonell og det dei står i på ein ordentleg måte.

I NRK-serien LIS spelar Elpida Stojcevska den unge nyutdanna legen Petra. Foto: Lillian Julsvik
I NRK-serien LIS følgjer vi fleire legar i spesialisering. Her er Petra (Elpida Stojcevska) saman med Joakim (Deniz Kaya) som også har sine utfordringar i møte med arbeidskvardagen på sjukehuset. Foto: Torbjørn Sundal Holen
LIS tar for seg fire ferske legar som blir kasta ut i en tøff sjukehuskvardag, prega av knappe ressursar og tøffe etiske val .Sofia Tjelta Sydness spelar Kissy, Elpida Stojcevska er Petra. Foto: Lillian Julsvik

- Ho er ei storesøster med ein plan.

Når Søstrene av Jonas Hassen Khemiri blir teater i haust får Elpida Stojcevska bruk for erfaringar frå eigen søskenflokk. Her saman med Hibba Najeeb og Natalie Bjerke Roland. Foto: Eirik Malmo

Den unge skodespelaren gjorde grundig førearbeid til rolla som legen Petra. Til rolla som storesøster i haustens teaterdebut har ho noko meir erfaring å ta med inn i arbeidskvardagen.

- Ina har litt av meg, ingen tvil. Ho er ei storesøster med ein plan. Det likar eg å tenke at eg også er, avsluttar Elpida Stojcevska og ler.

  

And so it was told

I sin siste roman Søstrene, som i haust er klar for teaterscenen, har Jonas Hassen Khemiri skrive seg sjølv som forteljar. Det er ikkje første gang verkelegheita er til stades i fiksjonen til historieforteljaren Khemiri.

Les meir

Artikkelen er publisert 19. juni 2026.