Pippi
på sirkus
Pippi
på sirkus
av Maria Blom, Björn Ulvaeus & Tilde Björfors. Basert på boka Pippi Langstrømpe av Astrid Lindgren.
Kjøp billettEin ellevill sirkusmusikal for alle mellom 3 og 113 år!
Dette er ein godtepose av fengande nyskriven musikk frå ABBA-legenda Björn Ulvaeus, song, dans - og ekte sirkusartistar.
Bli med på sirkus!
Bli med Pippi, Tommy og Annika på sirkus!
Her møter dei mellom andre sirkusprinsessa Miss Carmencita, linedansaren Elvira og ein illsint sirkusdirektør. Pippi har aldri vore på sirkus, og vil heller vere med, enn å sjå på. Det blir tumultar og misforståingar - men publikum elskar det!
Til slutt tek ho utfordringa om å slåst med verdas sterkaste mann; Sterke Adolf.
Ho er jo verdas sterkaste jente!
Så spenn deg fast - og sving deg med i manesjen med Pippi!
PSSSST!
Visste du at det er billegare billettar tysdag - torsdag på familieframsyningar? Barnepris er halv pris av ordinær pris.
Vi gjer merksam på at alle som skal inn i salen må ha billett. Vi tilrår ikkje å ta spedbarn med.
Med sirkus i blodet
I meir enn 80 år har Pippi Langstrømpe begeistra barn over heile verda. I vår skal ho igjen hoppe opp på Hovudscenen på Det Norske Teatret.
Les meir
Steinen på hylla – om Astrid Lindgren
Astrid Lindgren debuterer for alvor som forfattar med Pippi Langstrømpe, og avsluttar karrieren med Ronja Røvardotter. På kvart sitt vis to sterke hovudpersonar, men der Pippi vegrar seg for å gå inn i vaksenverda, tek Ronja ansvaret for å gjere verda betre.
Les meir
Sirkusets eiga Pippi
Sirkusregissør Tilde Björfors skal sørge for at Pippi på sirkus er full av høge svev, spretne hopp og fortrollande kunststykke.
Les meir
Spesialomvising: Pippi på sirkus
Kva må til for å lage teater? Korleis blir skodespelarane nokon andre? Korleis lagar ein eigentleg sirkus på teater? Bli med inni kulissane på Pippi på sirkus!
Les meir
Relæxt Pippi
2. juni er Pippi på sirkus spesielt tilpassa barn, vaksne og familiar som kan synest det er utfordrande å vere med på ordinære framsyningar.
Les meir
Teiknspråktolk
13. juni er Pippi på sirkus spesielt tilpassa dei som treng teiknespråktolk.
Les meirAkkurat som Pippi har jeg heller aldri vært på sirkus før, så dette var litt av en opplevelse!
Lytt til musikken frå oppsetjinga i Sverige!
Showpakker (hotell + billett)
Reis til Oslo og sjå Pippi på sirkus i samarbeid med Scandic Showpakker!
Bestill her
Tips for ei god teateroppleving med barn!
Å gå på teater er spennande og magisk. Det kan likevel vere lurt å førebu seg litt før ein går på teater med dei som er små.
Tips her!Kjøp billett
Vel speledato for Pippi på sirkus
-
Ledige billettar
-
Få billettar
-
Få billettar
-
Få billettar
-
Ledige billettar