Bakgrunnsartikkel

Sirkusets eigen Pippi

I ungdommen brukte folk å seie til Tilde Björfors at ho var som Pippi. Var det noko dei vaksne sa at ikkje gjekk an gjere, så ville Tilde forsøke akkurat det. Da ho blei vaksen, starta ho Sveriges første nysirkus-trupp, sjølv om alle sa at det var umogleg. Sidan den gongen har ho vore sirkusets Pippi. Så når Pippi på sirkus skulle bli teater, var det innlysande at ho måtte ha regien på sirkuset!

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonsrådgjevar

Da Tilde Björfors som 20-åring opplevde nysirkus for første gong, var det som ei openberring:
- Verda opna seg, perspektiva kunne skifte og alt var mogleg! Slik hadde det vore for meg med Pippi også i barndommen. Ein treng ikkje vere hard og rigid for å vere sterk. Det går an å vere leiken, nysgjerrig og snill. For meg er det dette som er drivkrafta for sirkuset, ja i livet generelt. Vi menneske kan så mykje meir enn vi trur, dersom vi vågar å prøve, meiner sirkusregissøren.

- Ein treng ikkje vere hard og rigid for å vere sterk.

Leiken som utgangspunkt

Tilde meiner vi menneske har ein tendens til å stivne i mønster og oppfatningar av korleis ting skal gjerast, og gløymer at verda eigentleg skapast på nytt heile tida. Her har sirkusfolket og Pippi mykje til felles:
- Kvifor skal ein ikkje sove med føtene på hovudputa, om det kjennest betre? Kvifor kan vi ikkje vaske golvet med børstar på føtene, om det er artigare? Korleis kan vi gjere verda og livet morosamare? spør Tilde, som Pippi.
Leiken er utgangspunktet for alt i sirkuset, forklarar ho vidare.
- Om nokon heng i ein trapes eller flyg i lufta, så er jo det fordi folk har leikt og utforska kva som er mogleg å gjere. Ein stol kan vi sitte på – men kan vi også balansere han på hovudet?

Sterke Adolf balanserer vektstonga på ei hand. Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret.

- Korleis kan vi gjere verda og livet morosamare?

Ny kunstform

Nysirkus (cirque nouveau) oppstod som kunstform i Frankrike i 1970-tåra. Her er det sjeldan dyr med, som i tradisjonelt sirkus, men menneske som utfører alle triksa. Stilarten blandar sirkusferdigheiter og akrobatikk med dans, show, teater og konsert. Det var tidleg på 90-talet at unge Björfors, den gongen skodespelar, opplevde nysirkuset for første gong. Da var ein fransk trupp på besøk i Stockholm:
- Det var sirkus, det var rockemusikk, det var dans, bilar som hoppa… og samtidig heilt lågmælte og poetiske augeblikk, mimrar ho.

- Det var fullstendigt galet og fantastiskt!

På teaterturné i Paris nokre år seinare, dumpa ho borti eit miljø av nysirkusstudentar. Ikkje hadde ho ant at det gjekk an å ta seg høgare utdanning innan denne grensesprengande kunstforma, og at ein kunne sjå nysirkusframsyningar alle dagar i veka!
- Her flaug folk i lufta, sprang oppetter veggane, balanserte stolar på hovudet eller slukte stolbeina, seier ho og ler.
«Dette vil eg gjere!» tenkte ho med seg sjølv, og starta på ei ny retning innan scenekunsten, no som linedansar.

Konstant i rørsle

- Å balansere på line, handlar ikkje om å finne balanse og ro, som ein kanskje skulle tru, men om konstant rørsle inn og ut av balansepunktet, forklarar Tilde.
- Forsøker du å holde fast ved balansepunktet, fell du. Det er også ein fin metafor for livet.

Men å bli linedansar er ei krevjande utdanning som tek fem år. Og det hadde ikkje Tilde tolmod til. Ho ville meir. Ho ville lage heilskapen, og ikkje minst ville ho ta kunstforma heim til Sverige.

Til slutt fekk ho nokre venner med på å lage ein nysirkusfestival ved Orion Teatern i Stockholm. Det blei slik suksess, at dei fann ut at dei berre måtte starte eit nysirkusteater, og med det blei Cirkus Cikör til, i 1995. Sidan den gongen har ho vore sirkusregissør, sirkusdirektør, starta ein sirkushøgskole, turnert verda rundt og til og med blitt professor i nysirkus!

- Når eg tora å gjere det eg eigentleg ikkje våga å gjere, opna verda seg.

Å våge som metode

- Men, må ein vere veldig modig for å bli sirkusartist?
- Eigentleg er eg faktisk ganske redd. Men så oppdaga eg at når eg tora å gjere det eg eigentleg ikkje våga å gjere, opna verda seg. Noko nytt skjedde og eg lærte noko nytt. Dette oppdaga eg ganske tidleg, forklarar Tilde.
Å våge og å vere open har nesten vore som ein metode i livet.
- Akrobatane har vore dei beste lærarane mine. Dei arbeider dagleg med å endre risiko til moglegheiter.

Så da produsenten My Blomgren og Björn Ulvaeus ringde og lurte på om ho ville vere med på å lage ei sirkusteaterframsyning av ei Pippi-forteljing som eigentleg berre er på fire boksider, var ho ikkje i tvil:
Pippi er jo sirkus!

Dersom Tilde Björfors skulle levd livet om igjen, skulle ho ha prøvd seg som trapesakrobat. Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret.

Artikkelen er publisert 24. mars 2026. Sist oppdatert 27. mars 2026.