Bakgrunnsartikkel

Steinen på hylla – om Astrid Lindgren

Astrid Lindgren debuterer for alvor som forfattar med Pippi Langstrømpe, og avsluttar karrieren med Ronja Røvardotter. På kvart sitt vis to sterke hovudpersonar, men der Pippi vegrar seg for å gå inn i vaksenverda, tek Ronja ansvaret for å gjere verda betre.

Skrive av
Erlend Tårnesvik Dreiås
Erlend Tårnesvik Dreiås
Formidlingsansvarleg

Den svenske forfattaren Astrid Lindgren flytta grenser for kva forteljingar som passar for barn. Ikkje berre for kva tema barn kunne tole, men også i synet på kva barndom var. Barna i Lindgrens bøker er ikkje snille og føyelege, men sterke, nysgjerrige og gjerne opprørske.

«Jag skriver sagor, och människan behöver sagor. Så har det alltid varit. Så är det med det», sa Lindgren da boka om Ronja Røvardotter blei gitt ut i 1981. Og eventyr har ho gitt oss i rikt monn. Mellom Pippi og Ronja har Lindgren skrive forteljingar som blir lesne av barn over heile verda, som Brørne Løvehjarte, Mio, min Mio, Emil i Lønneberget og Barna i Bakkebygrenda. Bøkene er selt i over 165 millionar eksemplar, og blitt omsett til over 100 språk.

Astrid Lindgren som konfirmant, 16 år gamal, i 1923. Foto: Chr. Widén/Wikimedia Commons

Ein lykkeleg barndom

Astrid Anna Emilia Ericsson blei fødd 14. november 1907 i eit raudt gammalt trehus omkransa av epletre på prestegarden Näs i Vimmerby i Småland. Ho hadde mor, far, tre søsken og ein lykkeleg barndom, har ho sjølv sagt. Fleire av bøkene hennar er inspirert av eigen oppvekst.

Etter realskolen fekk ho jobb i Vimmerby Tidning, som korrekturlesar, samt at ho skreiv notisar og korte reportasjar. 18 år gammal blir ho gravid. Ho vil ha barnet, men ikkje mannen, som var sjefsredaktøren i avisa. Det er skandale. Ho flyttar til Stockholm, leiger ein hybel, lærer seg stenografi og å skrive på skrivemaskin.

I 1926 føder ho sonen Lars på Rigshospitalet i København, som på den tida er det einaste sjukehuset i Skandinavia som let kvinner føde utan å melde frå til offentlege instansar. Dermed slapp ho å melde inn namnet på faren. Sonen blir set bort til ein fosterfamilie fram til Astrid sjølv er i stand til å ta seg av han. Etter kvart kjem han til Sverige, og bur tidvis med mora i Stockholm og med besteforeldra på Näs. I 1931 gifter ho seg med Sture Lindgren, og tek namnet hans. I 1934 kjem dottera Karin.

Forfattardebuten

Astrid var alltid glad i å skrive og fortelje historier. På skolen hadde lærarane sagt at ho nok kom til å bli forfattar, og ho blei kalla for «Vimmerbys Selma Lagerlöf».

Forteljinga om Pippi, dukka tilfeldig opp ein gong dottera Karin var sjuk av lungebetennelse. «Fortel om noko,» bad dottera. «Kva da?» spurte Astrid. «Fortel om Pippi Langstrømpe.» Dottera fann på namnet der og da. Så begynte Astrid å fortelje, og sånn heldt det fram i fleire år.

Urmanuset til Pippi Langstrømpe, som dottera Karin fekk i 10-årsgåve. Foto: Jacob Forsell/The Astrid Lindgren Company

Heilt til i 1944, når Astrid må halde senga på grunn av ein forstua fot. For å få tida til å gå, begynner ho å skrive ned forteljingane om Pippi. Same året sender ho inn manuset til Bonniers forlag med eit følgebrev som avsluttar slik: «I förhoppning om att ni inte alarmerar barnavårdsnämnden.» Manuset blir refusert. Fleire år seinare fortel forleggaren, Gerard Bonnier, at han meinte boka var for kontroversiell.

Året etter vinn Lindgren ein skrivekonkurranse med ein revidert versjon av Pippi-forteljinga. Her er Pippi litt meir sjenerøs og mindre frekk mot vaksne. Boka blir gitt ut på forlaget Rabèn & Sjögren, der Lindgren hadde debutert med boka Britt-Mari lättar sitt hjärte året før. Pippi blir ein kjempesuksess jula 1945. Lindgren startar som barnebokredaktør på det same forlaget, i tillegg til å skrive bøker sjølv.

Debatt om barneoppseding

I all hovudsak blei bøkene til Lindgren tekne godt imot av kritikarane. Men ho braut også markant med rådande idear om kva barnelitteratur skulle handle om tematisk, og kva funksjon dei skulle ha.

I 1940-åra var idealet at barn skulle sjåast, men ikkje høyrast. Barnelitteraturen var i stor grad pedagogisk og skulle helst ha ein oppsedande effekt. Ikkje så rart da, at den første boka om Pippi Langstrømpe utløyste heftig debatt i Sverige. Forteljinga om verdas sterkaste og rikaste jente, utan mor, med ein far som er sydhavskonge, som bur åleine med ein hest og ei ape, i konstant opposisjon til alt som heiter autoritetar, lovar og reglar, var ganske kontroversiell i samtida si.

Før den franske utgivinga av Fifi Brindacier, i 1951, tok den franske forleggaren kontakt med Lindgren. Dei ønska å gjere om historia litt. Ingen kunne tru på at ei jente kunne løfte ein hest, så kunne ho heller løfte ein ponni? Illustrasjon: The Astrid Lindgren Company/Ingrid Vang Nyman

I 1969 kom TV-serien Pippi Langstrømpe på SVT. 10 år gamle Inger Nilsson spelte rolla som Pippi. Foto: Wikimedia Commons

I 1946 gjekk den anerkjente professoren i psykologi og pedagogikk, John Landquist, hardt ut mot Pippi. Han karakteriserte Lindgren som talentlaus og ukultivert, og Pippi som unormal og sjukeleg. «Pippi er noe ubehagelig som krafser på sjelen,» skreiv han. Landquist var mellom anna redd for at barn skulle begynne å strø sukker på golvet. Lindgren svarte syrleg at: «Å være barn, det er visst egentlig et svært stygt karaktertrekk, som bør utdrives med alle midler.»

Om Lindgren hadde ein agenda med Pippi-bøkene, var det å vise at det var mogleg å ha makt, utan å misbruke den, har ho fortalt. Eller som Pippi sjølv seier: «Den som er veldig sterk, må også vere veldig snill.»

«Den som er veldig sterk,
må også vere veldig snill»

Steinen på hylla

Astrid Lindgren var politisk engasjert, og ytra seg ofte i samfunnsdebatten, spesielt etter at ho blei pensjonist i 1970. Utover tema relatert til barn, engasjerte ho seg mellom anna mot svensk EU-medlemskap og kjernekraft, og for dyrevelferd og miljøvern.

I 1978 blei Lindgren tildelt Den tyske bokhandels fredspris. Ho skreiv ein takketale der ho trekker linjer frå terror og vald i krig, med den valden som skjer heime i familien, mellom anna med avstraffing som del av barneoppsedinga:

«Diktatorene, tyrannene, underkuerne, menneskeforakterne, hvordan var deres barndom, det burde vi forske i. Jeg tror at bak de fleste av dem står en tyrannisk far eller en annen foresatt med et ris eller en kjepp i hånden.»

Astrid Lindgren var ein produktiv forfattar. Ho skreiv nærare 40 bøker, i tillegg til bildebøker, skodespel og viser. Foto: Pål Nils Nilsson/Kungliga bibliotek

Det var sterk kost, og prisutdelarane ville at ho skulle dempe retorikken. Det var uaktuelt for Lindgren, og ho fekk halde takketalen slik ho hadde skrive han.

Ho avsluttar med ei forteljing om ei ung mor som hadde lært at den som elskar sonen sin, tuktar han tidleg. Sonen skulle få ris for første gong, og mora sende sonen ut for å finne riset. Lindgren fortel at etter lang tid kjem guten gråtande tilbake. Han fann ikkje noko ris, men ein stein. Kanskje mora kunne kaste den på han i staden? Mora, som plutseleg ser alt gjennom barnets auge, slår armane rundt sonen. Så legg ho steinen på ei hylle på kjøkkenet som ei påminning om løftet ho gir seg sjølv den dagen: Aldri vald!

Talen førte til stor debatt både i Sverige og Tyskland. Året etter, i 1979, fekk Sverige, som første land i verda, ein lov som forbaud fysisk avstraffing av barn. I Noreg blei foreldres rett til å avstraffe barn oppheva i 1972. Men presiseringa at det ikkje var lov å bruke vald mot barn kom først i 1987. Lindgrens takketale blei utgitt som bok i Noreg, og kan i dag lesast på nettsidene til Nasjonalbiblioteket.

Ronja Røvardotter

Same året begynner Lindgren på det som skal bli hennar siste roman: Ronja Røvardotter. Det er ei lykkeleg og konfliktfylt Romeo og Julie-forteljing, med to røvarbandar som okkuperer kvar sin del av ei borg.

Hovudpersonen Ronja veks opp i ein heim fylt av kjærleik og omsorg. Sjølv om ho er det einaste barnet i Mattis-borga er ikkje Ronja einsam eller halden utanfor. Ho er omgitt av ein familie, og manglar ikkje kjærleik. Men kjærleiken kan skape både glede og sorg, ikkje minst ser ein det i kjærleiken faren Mattis har for sitt einaste barn, og sorga når ho går sin eigen veg.

Rundt borga er den ville naturen, og den speler ei sentral rolle i forteljinga. Det er ein skog som lever sitt eige liv, ikkje som del av ein etisk kamp, men heilt uavhengig av menneskas handlingar.

Boka Ronja Røvardotter kom samtidig ut i Sverige og Noreg, i 1981. Bokomslag: Cappelen Damm.

Ronja Røvardotter blir ny tv-serie på Viaplay i 2023. Hans Rosenfeldt skriv manus, og Lisa James Larsson har regien. Foto: Audrius Solominas/Viaplay

Konflikten kjem når Borka-røvarane flyttar inn i andre delen av den delte borga, med sonen Birk, fødd same natta som Ronja. I fleire av dei andre bøkene til Lindgren handlar det om kampen mellom det gode og det vonde. I Ronja Røvardotter er det gode og det vonde fordelt på begge sider av konflikten.

Som alltid er det barna som representerer fornufta. Og mantraet om at fredsarbeidet begynner i heimen, og at det er enkeltmenneske som avgjer verdas skjebne, er heilt sentralt. Krig og konflikt er eit viktig bakteppe i forteljinga til Lindgren. Men sjølv i krig kan kjærleiken finnast, og barna ber håpet om fred.

I versjonen Det Norske Teatret speler våren 2023, er dette bakteppet spelt opp. Det er eit etterkrigslandskap Ronja og Birk veks opp i. Borga har blitt ein krigsruin.

- Barn over heile verda bur, veks opp og leikar i det som eigentleg er ein kulisse for krigshandlingar. Vi ser jo stadig vekk bilete i media av barn som finn tilbake til ein kvardag der alt er endra, seier teaterregissør Catrine Telle om versjonen ho lagar no. I Ronja og Birk ser ho to representantar for forsoning i ei verd der generasjonen over ikkje klarer å finne løysingar. Og bodskapen til Lindgren, om aldri vald, er like sentral som alltid.

«Ge barnen kärlek, mera kärlek och ännu mera kärlek, så kommer folkvettet av sig själv.»

Astrid Lindgren meinte at vi vaksne hadde godt av å behalde barnet i oss. Foto: K W Gullers/Stiftelsen Nordiska museet

«Hon fattas oss»

Gjennom bøkene sine har Astrid Lindgren flytta grenser for kva tema barnebøker kan handle om. Barn toler å bli opprørt, meinte Lindgren, og at eksistensielle spørsmål angår dei, like mykje som det angår vaksne.

Fleire av forteljingane hennar har blitt filmar, tv-seriar og teaterframsyningar. Ho var sjølv aktivt med og dramatiserte bøkene sine. Allereie da ho begynte å skrive på Ronja Røvardotter, tenkte ho på eit filmmanus parallelt.

Ho ville la barn vere barn, og skape tryggleik rundt rundt dei. «Ge barnen kärlek, mera kärlek och ännu mera kärlek, så kommer folkvettet av sig själv», sa ho i Pippi-debatten. Dette skulle bli eit mantra for Lindgren gjennom heile forfattarskapen.

Ronja Røvardotter blei det siste romanverket Lindgren skreiv. Ho døydde 28. januar 2002, 94 år gammal.

I gravferda brukte presten eit omskrive sitat frå Ronja Røvardotter. Det er sorgropet til Mattis når røvaren Skalle-Per døyr: «Han fattas mej, skrek Mattis. Han fattas mej så det skär i bröstet!», som på norsk blir «Eg saknar han! Eg saknar han så det skjer i bringa!».

I presten si omskriving: «Hon fattas oss».