At sirkuset kjem til byen, er eit sikkert vårteikn. Lukta av sagmugg og popkorn. Halsbrekkande akrobatikk, linedansarar, trylletriks og klissete sukkerspinn. Denne gongen sit Pippi på første rad, og det Natalie Bjerke Roland som skal ta på seg dei raude flettene og bli verdas sterkaste jente for ein ny generasjon ungar.
– Folk har spurt om eg skal svinge meg i trapesen, fortel Natalie Bjerke Roland lattermildt. Sjølv om ho innrømmer at det hadde vore gøy å prøve, så er det proffe sirkusartistar som skal ta seg av dei mest halsbrekkande nummera i familiemusikalen Pippi på sirkus.
I vår skal Natalie Bjerke Roland bli Pippi Langstrømpe! Det gler ho seg til. Foto: Siren Høyland Sæter.
- Men oldefaren min jobba faktisk på sirkus! Glansnummeret hans var å få heile kroppen gjennom ein kleshengar!
Ho demonstrerer korleis han må ha åla seg gjennom trekanten på hengaren. Ho har nemleg arva dei hypermobile ledda hans. Likevel fekk ho aldri sjå oldefaren som artist.
– Då han møtte oldemor, måtte han slutte med sirkuslivet. Det er sprøtt å tenkje på at den gamle og rolege mannen eg hugsar, han som elska at eg song for han, har levd eit slikt liv.
Sjølv om oldefaren fekk ein kort sirkuskarriere, har Natalie Bjerke Roland for lengst funne vegen til sin eigen manesje. Ho har spelt i ei rekkje framsyningar på teaterscenen, i TV-seriar som «Rådebank» og «Nissene i bingen», og filmar som «Ingen kommentar». No sist har ho begeistra publikum som presidenten Donald Trump i Eurovision-musikalen Europavisjonar på Det Norske Teatret.
- Pippi er absolutt eit førebilde.
Til våren ventar altså ei ganske anna rolle. På sett og vis liknar dei kanskje litt, verdas sterkaste jente med den grenselause sjølvtilliten, og den amerikanske presidenten. Samtidig er det nokre vesentlege skilnadar. For den som er veldig sterk, må også vere veldig snill.
– Pippi er så kul! Ho er morosam og litt rar. Ho kan ete godteri til middag, vaske golvet med klutar på føtene medan ho dansar rundt. Ho gjer akkurat som ho vil, og sett gjennom auga til eit barn er jo det heilt fantastisk. Ho bryr seg ikkje om reglar, men ho er alltid snill. Pippi er absolutt eit førebilde.
Musikalen er basert på Astrid Lindgren si forteljing om Pippi som drar på sirkus saman med Tommy og Annika. ABBA-legenda Björn Ulvaeus har skrive heilt ny musikk, tilpassa dei ulike sirkusnummera og karakterane vi møter. For Natalie, som sjølv er stor ABBA-fan, er samarbeidet med Ulvaeus ekstra stas.
– Til ein bursdag ønskte eg meg to album: ABBA Gold og I Am Sasha Fierce av Beyoncé. Eg fekk begge, låste meg inne på rommet mitt i ei veke og berre høyrde på musikk.
I Pippi på sirkus møter vi mange ulike musikalske univers. Det er rocka låtar, folketonar, lyriske parti og god popmusikk som festar seg med ein gong.
– Eg elskar å spele teater for barn. Reaksjonane er så ekte. Nokre av dei mest magiske publikumsopplevingane eg har hatt, har vore med barn. Når eg høyrer at dei gispar fordi dei ikkje forstår korleis eit triks skjer, er det ei fantastisk kjensle. Sånn teatermagi skaper evige minne.
No er det Natalie Bjerke Roland sin tur til å skape magi for barna i salen. Med raude fletter, store sko og sirkus i blodet.