Tips for ei god teateroppleving med barn!

Å gå på teater er spennande og magisk. Det kan likevel vere lurt å førebu seg litt før ein går på teater med dei som er små. Her er ti tips til eit godt teaterbesøk med barna!

1. Snakk om at de skal på teater, og gle dykk i lag!

2. Fortel korleis det ser ut i eit teater, at ein går inn i ein sal og sit i lag med mange andre menneske, og at det blir mørkt i salen.

3. Snakk om handlinga i stykket. Les gjerne boka eller sjå filmen. Sjå på bilde/video frå framsyninga.

4. Snakk om kva teater er - at det er barn og vaksne som har kledd seg ut og latar som. Det er "på liksom", akkurat som når ein leikar.

5. Fortel at det kanskje kan bli litt skummelt og trist, men at det går bra til slutt.

6. Kom i god tid, så de rekk å ta inn stemninga, og gå på do før framsyninga startar.

7. Det er lov til å kviskre litt saman under ei barneframsyning, dersom det er noko ein lurer på undervegs. Skulle det blir så skummelt at ein må ta ein pause, er det også lov. Om barnet skulle begynne å gråte er det også fint om ein forlet salen, så ein ikkje forstyrrer resten av publikum.

8. Snakk med vertane i salen, så kan ein få komme inn igjen også.

9. Sett mobiltelefonen på lydlaus eller slå han heilt av, og konsentrer dykk om teateropplevinga saman.

10. Snakk gjerne om framsyninga etterpå. Kva opplevde dei? Kva handla det om? Kva synest dei?

Vi ønskjer dykk ei god teateroppleving!