Er det mogleg å bli usikker når du heiter Björn Ulvaeus? Når du så å seie har dominert internasjonal popkultur og hatt suksessar som knapt kan la seg måle. Ja, viser det seg. I møte med Astrid Lindgren, blir sjølv superstjerner nervøse og kjenner på eit enormt ansvar.
- Skal eg verkeleg gå inn og skrive om hennar karakterar, kan eg verkeleg gjere det? Er det rett av meg å gjere det? Kva hadde ho sagt om ho visste, er spørsmål mannen bak nokre av dei mest elska pop- og musikallåtane i verda stilte seg før han sette seg ned med det svenske arvesølvet.
Når Pippi på sirkus kjem til Det Norske Teatret i april, er det Natalie Bjerke Roland som skal spele hovudrolla. Les intervju med vår Pippi Langstrømpe. Foto: Eirik Malmo.
Ny sirkusmusikal
Saman med Maria Blom og Tilde Björfors har han skrive manus til vårens storsatsing for barn, Pippi på sirkus. Ein fargerik og halsbrekkande sirkusmusikal basert på Astrid Lindgrens historie om da Pippi, Tommy og Annika drog på sirkus og møtte sirkusprinsessa Miss Carmencita, linedansaren Elvira og verdas sterkaste mann, Sterke Adolf. Resultatet skulle vise seg å bli både ei heilstøypt sirkusoppvising, eit sterkt teaterdrama og ein fullblods musikal som svensk publikum omfamna med entusiasme da han fekk premiere i 2022. I ein dokumentar som blei laga i samband med dette møtet med Astrid Lindgrens litterære superhelt, snakka Björn Ulvaeus om mange sider ved arbeidet.
– Som millionar av andre svenskar over to år, elskar eg Pippi Langstrømpe. I ei av forteljingane til Astrid Lindgrens går Pippi på sirkus saman med Annika og Tommy, og den historia har inspirert til ein nyskriven musikal, som eg har laga saman med eit ekte sirkuskompani og mange andre talentfulle menneske. I framsyninga vår er Pippi den same, men likevel annleis. Vi har tolka det som ligg mellom Astrids strekar og gitt det eit musikalsk kostyme.
Ein ringrev på musikal
Det var sjølve innlemminga av sirkuselementa som var det nye og mest ukjente for Ulvaeus. Etter tida i ABBA har han stått bak musikalsuksessar som Chess, Kristina från Duvemåla og sjølvsagt Mamma Mia! Som han skapte saman med Judy Cramer og som var basert på songkatalogen til ABBA.
Mannen bak tidlause hits som Dancing Queen, The Winner takes it all og Money, Money, Money er ein som likar nye utfordringar og seier at skapinga av denne sirkusmusikalen var langt meir komplisert enn å skrive ein vanleg musikal.
- Det går ikkje å samanlikne. Grunnen er at sirkusartistane i blant gjer triks som er farlege for liv og lemmer. Og derfor er det strenge sikkerheitsreglar, sjølvsagt, det må det vere. Og det viser seg at teknikarane er med i heile framsyninga. Dei står ikkje bak og dreg i kulissane, nei, dei er med, for det må dei vere på sirkus. Så å veve dette saman var mykje meir komplisert enn eg kunne ane.
Men også det faktumet at sirkusartistar ikkje alltid kan synge når dei gjer spektakulære triks eller er midt i eit nummer, var noko som gjorde arbeidsprosessen spesiell og annleis samanlikna med det Björn Ulvaeus kjente til.
- I ein vanleg musikal kan jo alle synge om det trengst. Men sirkusartistar som kastar seg i liner kan ikkje det. Dei blir andpustne og kan ikkje synge ordentleg.
Eit sirkustriks frå framsyninga Pippi på sirkus i Sverige. Foto: Krall Entertainment
Ein lykkeleg slutt
Sjølv om den erfarne låtskrivaren hadde skrive mykje av materialet før prøvane starta, var han nøydd til å gjere om på delar av det. I møtet med artistane blei det klarare korleis det kom til å sjå ut.
- Jaha, er det sånn her det ser ut. Og det var det store eksperimentet, om ein kunne slå saman musikalidiomet med sirkusfunksjonane. Det vil seie at dei som er sirkusartistar er også integrert i ei historie.
Pippi på sirkus er ei historie som har ein lykkeleg slutt. Men Björn Ulvaeus kunne ikkje dy seg.
- Den slemme sirkusdirektøren måtte jo få straffa si. Og eit sirkus og ein kanon, og ei levande kanonkule. Det er eit klassisk sirkusnummer…
Så står det igjen å sjå om det blir skote ut levande kanonkuler frå Hovudscenen på Det Norske Teatret når Pippi på sirkus inntar manesjen i april. Bjørn Ulvaeus sit i alle fall i salen under premieren i april for å sjekke om den perfekte slutten sit som han skal.
Teksten er basert på ein dokumentar frå innstuderinga av Pippi på sirkus av Krall Entertainment frå 2022.