Spesialomvising:
Pippi på sirkus
Spesialomvising:
Pippi på sirkus
Opplev magien bak teatermagien!
Kjøp billettKva må til for å lage teater? Korleis blir skodespelarane nokon andre? Korleis lagar ein eigentleg sirkus på teater?
Bli med inni kulissane på Pippi på sirkus!
Hovudscenen på Det Norske Teatret er kanskje imponerande sett frå salen, men å oppleve alt som skjer rundt om i huset i førebuingane til ei framsyning er nesten enno meir spennande. De får høyre anekdotar frå tida da framsyninga blei til og frå speleperioden. Vi vil også støyte på både skodespelarar, akrobatar og andre som jobbar bak scenen undervegs.
Turen vil også gå innom verkstadane der scenografi, kostyme og rekvisittar har blitt laga. Målet er at ein skal bli litt klokare på korleis eit teater går fram for å sette i scene ei storslagen familieframsyning, men også få nokre innsidekunnskapar å imponere med til dei som ikkje har vore på omvising.
Røpe-åtvaring! Dersom du ikkje har sett Pippi på sirkus før eller lest boka og ikkje anar noko om handlinga, kan det hende at du får vite eitt og anna som elles ville vore ei overrasking.
Vi gler oss til å vise fram!
Praktisk
Omvisinga vil ta ca. 45 min.
Vi gjer merksame på at Det Norske Teatret er ein arbeidsplass, og nokre gonger er det restriksjonar på kvar vi kan gå. Rundt på huset er det store avstandar og ikkje alltid høve til å bruke heis.
Vi legg til rette for at alle skal kunne vere med, men treng beskjed om dette i god tid på førehand. Kontakt oss på omvising(@)detnorsketeatret.no
Vi gjer merksam på at billett til omvisinga ikkje inkluderer billett til framsyninga.
Pris 150,- for barn/unge opp til 25 år og 200,- for vaksne.
Kjøp billett
Vel speledato for Spesialomvising: Pippi på sirkus
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar
