Velkommen til vorspiel før verdas aller siste Europavisjonar!

Onsdag 21. oktober kl. 17.45

I halvanna år har 16 visjonar for Europa fått skine på scenen i Europavisjonar. Kveld etter kveld har publikum stemt fram sin favoritt. Men kva med dei som aldri nådde opp?

- Kva for låtar blei vraka?
- Kva for politikarar kunne ha dansa seg inn i hjarta våre?
- Kva har vi eigentleg gått glipp av?

Det får vi vite no!

Bli med på den siste festen

Onsdag 21. oktober speler siste Europavisjonar på Det Norske Teatret. Men før dei takkar for seg, inviterer Simen Formo Hay, Oda Radoor og Johan Hveem Maurud til vorspiel. No skal songane som aldri kom gjennom nålauget, få ein siste sjanse!

Det blir musikk, artige historier og open bar!

Dørene opnar kl. 17.30. Vorspielet er gratis og ope for alle, men det er avgrensa med sitteplassar.

Velkommen!

Gratis

Vel dato for innsikt Velkommen til gratis vorspiel

  • Gratis