Vi tilbyr eit breitt sideprogram for deg som er interessert i bakgrunnsstoff og å fordjupe deg i sesongens repertoar.

Innsikt er som oftast knytt til kveldens framsyning og går føre seg i Bikuben, i Formidlingsrommet eller på scenen.

Introduksjonen er tematisk knytt til ei framsyning, men kan vere uavhengig av det kunstnarlege verket. Her møter du personar som har noko på hjartet og som kan gi deg noko å tenkje på før teateropplevinga.

Arrangementa er gratis. På enkelte av introduksjonane må du hente ut gratisbillett. Det er avgrensa med sitteplassar.

Innsiktar