Velkommen til eit møte med videoregissør Mads Sjøgård Pettersen om bruk av filming i Cabaret.

Tysdag 10. november kl. 18.30

Regissør Kjersti Horn brukar ofte video i sine iscenesetjingar, der publikum kan oppleve delar av handlinga via store lerret på scenen. Mannen bak kameralinsa er Mads Sjøgård Pettersen. Han er eigentleg skodespelar, men i 2015 var han regiassistent for Horn på suksessframsyninga Natten er dagens mor på Nationaltheatret. Kjersti Horn meinte det ville vere spennande å ha med video i framsyninga, og med det var Sjøgård Pettersen tatt opp på scenen som kameraoperatør.

I ettertid har dei samarbeida på mange framsyningar, som Kristin Lavransdotter, Les Misérables og Raskolnikov. I haustens store musikal på Hovudscenen, Cabaret, er også film ein viktig del av heilskapen.

- Eg tenkjer at eg er på lag med publikum. Gjennom kamera prøver eg både å få med meg det dei ikkje nødvendigvis får med seg frå salen. Eller å finne ei eiga historie i iscenesetjinga. Noko som ikkje ligg der frå dramatikaren si hand, seier videoregissøren.

Samtalen blir leia av Astrid Versto frå Vennelaget til Det Norske Teatret.

Arrangementet i regi av Venner av Det Norske Teatret er gratis og ope for alle i publikum.

Gratis

Vel dato for innsikt Mads Sjøgård Pettersen om bruk av video

  • Gratis