Jonathan Ibsen
Jonathan Ibsen (f. 1995) er utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo (2019) med BA i jazzdans.
Sidan har han arbeidd som frilansdansar, skodespelar og koreograf. Han har mellom anna medverka i verk av Ingri Fiksdal, Claire Dewangen, Caroline Wahlström Nesse, Malin Bülow og Marie Brolin-Tani. Med eigne verk som Panser, Epiclogue og Sanctomb har han turnert både i Noreg og internasjonalt. Han er òg ein del av kunstnarduoen Køteren og Terrieren.