Bakgrunnsartikkel

Kampen om sanninga

Romanen Arv og miljø av Vigdis Hjorth stiller spørsmål om kven som har rett til å definere kva som er sant og ikkje. Det spørsmålet blei også sentralt i debatten som følgde utgivinga.

Skrive av
Erlend Tårnesvik Dreiås
Erlend Tårnesvik Dreiås
Formidlingsdramaturg

Vigdis Hjorth debuterte som forfattar i 1983 med barneboka Pelle-Ragnar i den gule gården. I den boka spør den vesle guten Pelle-Ragnar om mora kan fortelje historier til han. Det kan mora. Ho spør om Pelle-Ragnar vil ha sanne eller falske historier. «Sanne!» svarar han.

Når mora er ferdig med å fortelje, spør Pelle-Ragnar:

- Er det helt sant?
-
Ja, sa moren.
-
Er det ikke overdrevent? spurte Pelle-Ragnar.
-
Jo, litt, svarte moren

Arv og miljø

Sidan debuten har Hjorth blitt ein av våre mest markante og lesne forfattarar. Ho har gitt ut ei lang rekke prisvinnande romanar og essaysamlingar, og blitt omsett til fleire språk. Spørsmålet om sanne eller falske historier har følgt forfattarskapen til Hjorth, og ho har vore open om at ho ofte skriv tett på eige liv. Mest tydeleg blei dette i mottakinga av romanen Arv og miljø frå 2016.

Romanen handlar om eit arveoppgjer. To sommarhytter på Hvaler i Østfold skal bli fordelte. To av barna har tatt seg av hyttene og foreldra i mange år, og det er dei som skal arve dei. Men det finst to barn til. Eitt av desse er hovudpersonen i forteljinga, Bergljot.

For romanen Arv og miljø vann Vigdis Hjorth Bokhandlerprisen og Kritikerprisen og blei nominert til Nordisk råds litteraturpris.

Når Bergljot og broren melder seg på i arvespørsmålet, blir sterke kjensler sett i sving.

Bergljot er magasinredaktør, ei kvinne midt i livet som har kutta kontakten med familien. Ho har forsona seg med situasjonen sin, heilt til desse to hyttene dukkar opp. Når Bergljot og broren melder seg på i arvespørsmålet, blir sterke kjensler sett i sving. Det handlar om familiehistoria, om overgrep og forteiing. Søstrene og mora trur ikkje på at far hennar – deira far og ektemann – forgreip seg på Bergljot da ho var lita. Det sentrale spørsmålet er kven som har rett til å definere kva som er sant og ikkje.

Fakta eller fiksjon

Romanen fekk veldig god mottaking da han kom. Men han utløyste også ein stor litteraturdebatt i Noreg. Det særnorske omgrepet ‘verkelegheitslitteratur’ dukka opp nokre få år tidlegare, med Karl Over Knausgårds Min kamp-serie. Men autofiksjon, altså litteratur der skiljet mellom forfattarens eige liv og fiksjonen glir over i kvarandre, har lange litterære tradisjonar.

Forfattarar kjem like lite utanom seg sjølv som dei kjem utanom alfabetet.

Aftenpostens litteraturkritikar Ingunn Økland skreiv i si melding at sjølv om Arv og miljø har ein distinkt skjønnlitterær stil, trudde ho romanen ville ta debatten om verkelegheitslitteratur til eit nytt nivå: «I mine øyne blir romanen stående og dirre i spenningsfeltet mellom dikt og liv og alle de etiske problemstillingene denne sammenblandingen fører med seg.»

Det gjekk troll i Øklands ord. Ikkje minst på Aftenpostens eigne kultursider gjekk journalistar gjennom boka med lupe for å finne døme på verkelege element i ho. Kritikar i Klassekampen Kaja Schjerven Mollerin kalla Aftenpostens dekning av romanen for «aggressiv». Det kom også ei såkalla motbok. Søstera til Vigdis Hjorth, Helga Hjorth, skreiv boka Fri vilje, som skildra arvesaka frå eit anna perspektiv.

Den farlege fiksjonen

Sjølv har Vigdis Hjorth halde fast i at det er romanar ho skriv. Men, legg ho til, at forfattarar kjem like lite utanom seg sjølv som dei kjem utanom alfabetet.

Skotta mellom verkelegheit og fiksjon er neppe vasstette. Det piplar inn alle vegar. I ein roman er kontrakten mellom lesaren og forfattaren at historia skal lesast som fiksjon. I til dømes dagboka, er derimot kontrakten at innhaldet liksom skal vere sant, og forfattaren og lesaren bør vere ein og same person.

Foto: Sara Angelica Spilling/Cappelen Damm

Vigdis Hjorth har skrive om mottakinga av hennar første fiksjon, som ein kan lese ulike versjonar av gjennom forfattarskapen. Mellom anna i romanen Tredje person entall frå 2008. Der kan ein lese om Hulda Kråkefjær som håpefullt har gjort plass i dagboka si for å skrive om første gong ho har sex, ei oppleving ho veit er nært føreståande. Dessverre blir det slett ikkje sånn ho hadde tenkt det skulle bli. Første gongen er ein gedigen nedtur. Derfor diktar Hulda heller fram opplevinga og brukar fantasien til å gjere hendinga så dampande heit som ho hadde håpa.

Men så finn foreldra dagboka, og dei blir sjokkerte over kva dottera har vore med på. Hulda kan ikkje fortelje at det ikkje er sant, det som står i dagboka, for det ville vere like ille, eller verre, tenkjer ho. Hulda Kråkefjær kjem fram til følgande erkjenning:

«At det hun dikter opp kan ha større betydning enn det som er sant og være sannere.»

Kunsten kan gi oss større innsikt i det å vere menneske. Da er det kanskje mindre viktig kva som er fakta og kva som er fiksjon. Kanskje er det, som i debutboka til Vigdis Hjorth, der den vesle guten Pelle-Ragnar erfarer at ei god historie er betre enn ei sann ei. Eller kanskje fiksjonen faktisk kan vere det sannaste.