Bakgrunnsartikkel

Våren 2027

Velkommen til teatervåren 2027!

Hausten på Det Norske Teatret har invitert publikum til å reflektere over komplekse problemstillingar og til å ta stilling. Våren byr også på interessante, vanskelege og viktige tema, men ein grunntone er ulike formar for kjærleik.

Ein midtsommarnattsdraum

Elskov går aldri av moten.
Dette er Shakespeare sin kjente forviklingskomedie om kjærleiken. Fire elskande ungdommar har rømt frå byen og ut i skogen. Dei er involverte i ein nokså komplisert kjærleiksaffære og vil unngå strenge foreldre for å sverme og leve ut attråa si.

Premiere 23. januar 2027 på Hovudscenen

Änglagård

Ein feelgood-musikal.
Når Fanny og Zac kjem brasande inn i den rolege byen Yxared på ein bråkete motorsykkel i ei sky av vegstøv, blir den søvnige småbyidyllen skipla. Ho er det ukjente barnebarnet til den avdøde einstøingen Erik, og arvingen til herregarden Änglagård.
Kvifor drog mora til Fanny så brått frå byen og kven er eigentleg faren hennar?
I hovudrollene som Fanny og Zac er Ina Svenningdal og Ken-Phipille Tete.

Noregspremiere 5. mars 2027 på Hovudscenen.

Lengt

Om sorg og nærleik – og om banda som kanskje ikkje lenger held oss saman.
Tale bur aleine i huset sitt etter at ho kasta ut tanta si. No har ho bede vennene Mahmoud, Helena og Karl heim til seg. Dei har vore ein vennegjeng sidan barndommen, men er no unge vaksne og ser kvarandre sjeldnare. I bakgrunnen vakar ein tragedie som råka Tale og tanta hennar då Tale var tenåring, som resulterte i at tanta blei fostermor for Tale.
Men går det an å oppdra eit barn når ein sjølv er i djup sorg?

På scenen står Thea Lambrechts Vaulen, Ane Dahl Torp, Karl Martin Eggesbø, Mohammes Aden Ali og Hibba Najeeb.

Urpremiere 30. januar 2027 på Scene 2

Molotov kjærleik

Dette skal bli ei kaotisk og mørk forteljing, der scenen blir gjort om til eit konsertlokale. Publikum er integrert i framsyninga, ståande blant skodespelarar og bandet.
Framsyninga er eit opprør, eit skrik frå undergrunnen som tek til seg strømmingane frå all uroen som for tida spreier seg over store delar av Europa.
Det er også ei kjærleikshistorie om Tåre og Molotov.
Ei forteljing om å tenne på ting, om å melde seg ut.

Bak framsyninga står Oda Radoor og Simen Formo Hay, som dei siste åra har vore involvert i publikumssuksessar som Døden på Oslo S. og Europavisjonar. I Rollene som Molotov og Tåre, er Hibba Najeeb og Malik Edo.

Urpremiere 9. april 2027 på Scene 2.

Helgas auge

Går det an å redde ein valdeleg mann?
Helgas auge er ei framsyning om ei ung kvinne som forsøker å komme ein valdeleg mann til unnsetning.
Helga er så forelska i Aslag at ho ofrar alt for å hjelpe Aslag, sjølv om det kostar henne dyrt.

Urpremiere 27. februar 2027 på Scene 2.

4000 meters djup

Går det an å vere glad, sjølv om alt er drit?
Ei natt forsvinn ein pappa ut i mørkeret, ned i djupet og blir borte. Tilbake sit ein forvirra gut med mange tankar. Var det hans feil? Har pappa blitt slukt av ein kjempeblekksprut? Eller tenk om han framleis finst der nede ein stad, og vi kan fiske han opp med Troika på kroken? 

Det er ei historie om sakn, late dagar i syden, gullfiskar som har blitt skylt ned i do og om å kunne vere glad sjølv om noko er vanskeleg. For barn og familiar frå 10 år.

Urpremiere 20. januar 2027 på Scene 3.

Barnas tryggingsråd

I denne interaktive framsyninga blir barna inviterte med som medlem i Tryggingsrådet, og må bli med på å utforme ein plan for korleis verda skal bli redda.
Framsyninga passar for barn frå 7 år.

Urpremiere 11. mars 2027 på Scene 3.