Går det an å vere glad, sjølv om alt er drit?

Ei natt forsvinn ein pappa ut i mørkeret, ned i djupet og blir borte. Tilbake sit ein forvirra gut med mange tankar. Var det hans feil? Har pappa blitt slukt av ein kjempeblekksprut? Eller tenk om han framleis finst der nede ein stad, og vi kan fiske han opp med Troika på kroken? 

4000 meters djup er ei reise inn i tankane og ned til havdjupet, til gløymde minne og skapningar i mørkeret. Det er ei historie om sakn, late dagar i syden, gullfiskar som har blitt skylt ned i do og om å kunne vere glad sjølv om noko er vanskeleg.

Feil Teater på Scene 3

Hausten 2026 flytta Feil Teater inn på Det Norske Teatret, og i løpet av eit år skal dei sette i scene heile fire framsyningar for det yngre publikumet. Dette er den tredje framsyninga deira. I 4000 meters djup vil dei gi barn frå 10 år og oppover ein trygg kunstnarleg inngang til temaet sjølvmord, fordi det kan vere vanskeleg å snakke om at nokon vel å døy. Gjennom kunsten ønskjer dei å bidra til ei kjensle av at du ikkje treng å bere dei store spørsmåla heilt aleine.

Feil Teater har lang erfaring med å lage framsyningar om vanskelege tema. Denne er utvikla i samarbeid med Unge LEVE, og er kanskje ikkje så trist som ein skulle tru.


PASSAR FOR
familiar og barn frå 10 år.

Kjøp billett

Vel speledato for 4000 meters djup

Finn ut meir