Eit heilt nytt stykke frå dramatikar Arne Lygre. Om sorg og nærleik – og om banda som kanskje ikkje lenger held oss saman.

Tale bur aleine i huset sitt etter at ho kasta ut tanta si. No har ho bede vennene Mahmoud, Helena og Karl heim til seg. Dei har vore ein vennegjeng sidan barndommen, men er no unge vaksne og ser kvarandre sjeldnare. I bakgrunnen vakar ein tragedie som råka Tale og tanta hennar då Tale var tenåring, som resulterte i at tanta blei fostermor for Tale. Men går det an å oppdra eit barn når ein sjølv er i djup sorg?

Sterkt kunstnarleg lag

Sigrid Strøm Reibo er ein kritikarrost regissør og har hatt stor suksess med iscenesetjingar av Arne Lygre sine tekstar tidlegare, mellom andre urpremierane på I vårt sted og Meg nær (Nationaltheatret) og Jeg forsvinder på Det Kongelige Danske. Også denne gongen har ho med seg den tyske scenografen Katrin Nottrodt. Ho har skapt eit scenerom som nærast er som ein massiv, assosiativ kunstinstallasjon. På scenen vil også musikar Kai von der Lippe vere til stades og lydlegge rommet med eit sårt, ope og komplekst lydbilde for scenen. På scenen står mellom andre Ane Dahl Torp og Thea Lambrechts Vaulen.

Arne Lygre

Den prisløna og internasjonalt ettertrakta dramatikaren Arne Lygre har igjen skrive ein ny scenetekst for Det Norske Teatret. Han er ein av Noregs mest spelte dramatikarar og har markert seg gjennom mange år på fleire norske og internasjonale scenar. Her på Det Norske Teatret har vi mellom anna sett opp Tid for glede og Ikkje ein lyd dei seinare åra. Han er ikkje berre kjent for å skildre komplekse menneskelege portrett, men utforskar og tøyer teksten sin funksjon i scenerommet. Med sylskarp presisjon utforskar teksten eit «her og no» som óg kan flytte seg framover og bakover i tid.

Kjøp billett

Vel speledato for Lengt

Finn ut meir