Änglagård Änglagård
Colin Nutleys Änglagård, musikalen. Musikk & songtekstar av Fredrik Kempe. Manus av Edward af Sillén & Daniel Réhn.
Kjøp billettEin feelgood-musikal basert på suksessfilmen til Colin Nutley frå 1992.
I den vesle byen Yxared går livet sin vande gang. Her kjenner alle kvarandre, og ting skal helst vere som dei alltid har vore. Når Fanny og Zac kjem brasande inn på ein bråkete motorsykkel i ei sky av vegstøv, blir den søvnige småbyidyllen skipla. Ho er det ukjente barnebarnet til den avdøde einstøingen Erik, og arvingen til herregarden Änglagård.
Fanny og Zac representerer alt det den smålåtne lokalbefolkninga ikkje er. I den solfylte svenske høgsommaren har folket rundt Änglagård fått noko nytt og spanande å snakke om. Kvifor drog mora til Fanny så brått frå byen og kven er eigentleg faren hennar?
Feelgood-musikal
Änglagård er ei humoristisk og rørande forteljing der fordommar blir utfordra, relasjonar blir sette på prøve, og der overraskande fellesskap veks fram der ein minst ventar det.
Musikalen hadde urpremiere i Stockholm i 2023 og gjorde stor suksess. Historia er basert på filmen av Colin Nutley frå 1992, og musikken er skriven av hitmakaren Fredrik Kempe, som også har komponert musikken til musikalen Så som i himmelen.
Våren 2027 får musikalen endeleg noregspremiere på Det Norske Teatret. Rolla som Fanny blir spelt av Ina Svenningdal, mens Zac blir spelt av Ken-Philippe Tete. Regien er ved Jakob Höglund og scenografi er ved Sven Haraldsson.
Kjøp billett
Vel speledato for Änglagård
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar
-
Ledige billettar