I 2030 er Oslo sentrum stengt ned. Det er krigsfrykt og forsamlingsforbod. Ei gruppe unge menneske gøymer seg frå mobiliseringa i det nedstengde Det Norske Teatret.
Molotov Kjærleik skal bli ei kaotisk og mørk forteljing, der Scene 2 blir gjort om til eit konsertlokale.
Dei er der ute, alle saman! Bigtech, russisk gass, EU-byråkrater, big pharma. Dei er der og dei vil eige oss! Dei vil selje oss til forsvarsindustrien! Dei vil ruste oss inn i tryggleik! Dei er berre ein del av verdsmonsteret! Verdsmonsteret som sluker alle idear, genuinitet og ideologi inn i ein stor medial mørk sky lagra i datasenter eigd av korrupte milliardærar!
KOM HELLER PÅ KONSERT:
FÅ ØYRA BLÆSTA UT! TINITUSG(A)RAN(T)I!
FESTEN BYRJAR 9. APRIL TIL DEI STANSAR OSS!
KRISTIAN AUGUSTS GATE 8 (RIP DET NORSKE TEATRET)
CASH ONLY! INVITES ONLY! MOBIL OG SMART-KLOKKAR KNUSAS
Publikum er integrert i framsyninga, ståande blant skodespelarar og bandet. Det blir kaotisk og uføreseieleg.