Denne informasjonen er STRENGT hemmeleg og må IKKJE under NOKO omstende bli delt vidare:

Det er med stort alvor vi ønskjer å melde at du hermed er innkalla til eit ekstraordinært møte i Tryggingsrådet. Gjennom hemmeleg etterretning har vi avslørt at ein verdsomspennande katastrofe vil kunne inntreffe innan svært kort tid – og vi treng DI hjelp til å stanse han.

Som medlem av ei spesielt utvald ekspertgruppe med dyktige barn, får du uinnskrenka fullmakt til å iverksette dei tiltaka som er nødvendige for å stanse krisa. Tryggingsrådet har stor tru på at akkurat du er rette person for jobben.

Vi ber deg møte i rådet sitt hovudkvarter snarast mogleg.

Det hastar. Heile verda si framtid står på spel.

Beste helsing
Tryggingsrådet.

PASSAR FOR barn frå 7 år.

Finn ut meir