Elskov og attrå går aldri av moten.

Ein midtsommarnattsdraum er Shakespeare sin kjente forviklingskomedie om kjærleiken. Fire elskande ungdommar har rømt frå byen og ut i skogen. Dei er involverte i ein nokså komplisert kjærleiksaffære og vil unngå strenge foreldre for å sverme og leve ut attråa si.

Ein skodespelartrupp dukkar også opp. Dei prøver på eit stykke dei skal framføre i bryllaupet mellom hertug Thesevs og amasonedronninga Hippolyta. I skogen lever også alvar og feer. Puck er tenaren til Alvekongen Oberon, som er blitt uvenn med alvedronninga Titania. Vi er i eit magisk landskap, der underlege, uverkelege og komiske hendingar skal falde seg ut.

Spennande kunstnarleg lag

Regissør Johannes Holmen Dahl og scenograf og kostymedesignar Nia Damerell skal løfte Shakespeare sin oftast framførde komedie inn i det store scenerommet på Hovudscenen. Det musikalske tonefølget er ved Emilie Nicolas og Alf Lund Godbolt. På Hovudscenen har dei med seg eit knallsterkt skodespelarensemble. Kjersti Tveterås spelar Puck, dei fire amorøse ungdommane blir spelte av Natalie Bjerke Roland, Tord Kinge, Ameli Isungset Agbota og Deniz Kaya. Christian Ruud Kallum spelar Tesevs og Oberon.

Kjøp billett

Vel speledato for Ein ­midtsommar­nattsdraum

Finn ut meir