Frå bok til teater

Å kombinere bok med teater kan vere ein god idé for engasjerande litteraturformidling!

Korleis skape engasjerande norskundervisning og spreie litteraturentusiasme til elevane? Kva med å bruke ei teaterframsyning basert på eit litterært verk som utgangspunkt? Det kan vere med på å opne tolkingsrommet rundt ein tekst og gi ein fin inngang til å snakke om tematikk, sjanger, form, tolking. Vi har fleire framsyningar som har sitt opphav som prosa eller lyrikk, men som har blitt omskapt til dramatikk på scenen.

Kva grep er gjort i denne overgangen? Kva har gått tapt - og kva er lagt til? Korleis har regissør og skodespelar arbeidd med å gi liv til karakterane i boka? Korleis har scenograf og kostymedesignar fargelagt orda på sida? Og korleis stemmer dette med eleven si oppleving av det same opphavet?

Ta kontakt om du har spørsmål eller vil reservere billettar. Skriv til skole(@)detnorsketeatret.no eller ring på 22 47 38 72.