Kristoffer Olsen
har utdanning frå Guildford School of Acting i Storbritannia.
Han debuterte på Det Norske Teatret som Eldste Cunningham i The Book of Mormon, og har tidlegare medverka i m.a. Les Misérables (Hålogaland teater), Skjønnheten og Udyret (Christiania teater), Laurel & Hardy (McGriegor Hall), Joseph & the Amazing Technicolor Dreamcoat (Frinton) og Cole (Yvonne Arnaud Theatre). Han har spelt roller i TV-seriar som Holby City (BBC), Father Brown (BBC), Magnus og Hellums Kro (NRK), og har gitt stemme til fleire norske animasjonsfilmar. I 2018 vann han Musikkteaterprisen for rolla i The Book of Mormon, og han blei nominert til Heddaprisen same år. Tidlegare har han vunne The Stephen Sondheim Society Performer of the Year Award.
Tidlegare framsyningar
2022 | Into the Woods | Bakar |
2022 | Kristin Lavransdotter | Simon mfl |
2020 | Jakob og Neikob og Alle Andre | Masekob |
2020 | Tolvskillingsoperaen | Mackie Kniven, Hore |
2019 | Lazarus | Ben |
2019-2020 | Charlie og sjokoladefabrikken | Augustus Gloop mfl. |
2017-2019 | The Book of Mormon | Arnold Cunningham |
Dekameronen 2021 | ||
Den kvite pesten | Førsteassistenten, Sonen, Propagandaministeren |