Terningkast fem

«Et stort hurra for liten forestilling(...) 
en redningsplanke for alle skjermslitne barn»

Terningkast fem

«gjør det til en fest å gå på teater igjen(...)
en frodig og frydefull oppsetning der vennskap og galskap står i sentrum»

«Det er ingen tvil: Smittevernhensyn gjør barneforestillingen «Jakob og Neikob og Alle Andre» på Det Norske Teatret til en mer intim opplevelse»

Musikalsk, leiken og varm familieframsyning om å setje pris på at vi alle er forskjellige.

Jakob og Neikob bur i lag på ein bakketopp. Jakob seier alltid JA til alt, Neikob seier alltid NEI. Basert på desse to enkle motsetnadene klarer skaparen av dei to sjarmerande karakterane å seie noko eksistensielt om det å vere menneske.

Akseptere at vi er forskjellige

Denne gongen har Neikob mista grepet totalt. Bollane er brende, mjølet ligg strødd utover. Vennen Masekob kjem stadig innom og forstyrrar harmonien – i tillegg finn Neikob ut noko nytt om seg sjølv: han er annleis, og han vil bli som Alle Andre.

Jakob og Neikob lever eit roleg og fint liv i lag.
Jakob og Neikob lever eit roleg og fint liv i lag.
Vennen Masekob er veldig.... masete.
Vennen Masekob er veldig.... masete.
Neikob vil overraske Jakob, men brenn bollane.
Neikob vil overraske Jakob, men brenn bollane.
Jakob prøver å overbevise Neikob om at han likar brende bollar. Foto: Dag Jenssen.
Jakob prøver å overbevise Neikob om at han likar brende bollar. Foto: Dag Jenssen.
Jakob og Neikob leitar etter Alle Andre på bussen.
Jakob og Neikob leitar etter Alle Andre på bussen.
Dei leitar etter Alle Andre under havet.
Dei leitar etter Alle Andre under havet.
....og i verdsrommet.
....og i verdsrommet.
Til slutt finn dei han på planeten Uno. Der er det også ein klonemaskin. Kanskje Neikob faktisk kan bli heilt lik Alle Andre? Foto: Dag Jenssen.
Til slutt finn dei han på planeten Uno. Der er det også ein klonemaskin. Kanskje Neikob faktisk kan bli heilt lik Alle Andre? Foto: Dag Jenssen.

Moderne klassikar

Dei små forteljingane om Jakob og Neikob har blitt ein moderne klassikar for barn. Dei to er som Yin og Yang, som natt og dag. Jakob har oppovermunn og er ei enkel sjel, medan Neikob har nedovermunn og tenker mange djupe tankar. Men saman utfyller dei kvarandre likevel, og når dei samarbeider, endar eventyra deira alltid godt.

Passar for barn frå 3 år.

«en liten perle av en forestilling med massevis av teatralt overskudd og glede, og det kan hende det er akkurat det vi trenger nå»

Klassekampen

«Kan vi kalle det teaterhistorie? Den første forestillingen som spilles under koronapandemien, føles i hvert fall helt spesiell»

Finn ut meir