Portrett av Julie Støp Husby

Julie Støp Husby

er utdanna ved Bårdar Akademiet (2008-10) og Högskolan för scen och musik (tidl. Teaterhögskolan) i Göteborg (2010-13).

Ho har m.a. spelt Petra Stockmann i En Folkefiende og Sersjant-Petra i Ungen ved Nationaltheatret, Dina Dorff i Samfundets Støtter ved Riksteatret og tittelrolla Hanna Glawari i Den Glade Enke ved Oslo Nye Teater. Julie har også laga og spelar jamleg si eiga soloframsyning Lev sjøl - en guide til livet med Joni Mitchell og Jan Eggum. Dei seinare åra har ho vore knytt til Det Norske Teatret. Her har ho spelt roller som Veruca Salt i Charlie og sjokoladefabrikken, Sarah/Maria i Tante Ulrikkes vei, Rapunsel i Into The Woods, Første dame i Tryllefløyta og i Toppar VG-lista med Are Kalvø.

Aktuell som Bulda i Frost og i ulike roller i Spynorsk. The Musical.

Aktuell med

Portrett av Spynorsk. The Musical

Spynorsk. The Musical

Laurdag/ 13. apr. 2024/ 18:00
Rolle
Bæring, Godt vaksen, ensemble
Kjøp billett
Portrett av Tante Ulrikkes vei

Tante Ulrikkes vei

Torsdag/ 18. apr. 2024/ 19:30
Rolle
Maria, Sarah
Kjøp billett
Portrett av Frost

Frost

Fredag/ 19. apr. 2024/ 16:00
Rolle
Bulda, mfl.
Kjøp billett

Tidlegare framsyningar

2023 Tryllefløyta Første dame
2022 Into the Woods Rapunsel
2022 Fuglane Jenta
2022 I desse dagar Jenta/ Kunden som stel, Poeten på Kiwi
2021 Toppar VG-lista
2020 Slåttekar i himmelen Karina
2019-2020 Charlie og  sjokolade­fabrikken Veruca Salt mfl.