Terningkast fem

«En åpenbaring som teaterstykke... Bedre historieundervisning kan man ikke tenke seg»

Terningkast fem

«Edvard Hoems medrivende og menneskelige fortelling om menneskers slit, strev og drømmer har funnet en verdig vei til scenen»

Terningkast fem

«Skarpslipt og skjebnetungt om tvil, tro og løsrivelse»

Boka om forfattar Edvard Hoems eigen oldefar, slåttekaren Nesje, har nådd ein stor lesarskare. No er historia blitt teater på Hovudscenen.

Mellom 1825 og 1920 valde ein betydeleg del av den norske befolkinga, nærare bestemt 800 000, å reise til Amerika. Edvard Hoem har villa sjå nærare på kva som dreiv dei som drog, kva som gjorde at andre blei verande, og kva dette gjorde med familiane som blei splitta. Heldigvis hadde han historia om sin eigen familie og oldefaren Nesje. Ei forteljing som ikkje berre er ei skildring av forfedrane til Edvard Hoem, men også eit stykke norsk historie.

Håp om eit betre liv

Teaterframsyninga er basert på den første romanen i serien som følgjer Nesje-slekta frå Rekneslia i Molde til prærien i Amerika på midten av 1800-talet. Slåttekaren Nesje er enkemann og har ein son å ta seg av. Han finn kjærleiken på ny med Serianna. Gjennom eit liv med hardt arbeid og store val, blir ungeflokken større. Det same blir bekymringane. Kvardagen er eit slit for å skaffe familien eit verdig liv, som hos så mange småkårsfolk langs Romsdalsfjorden. Draumen om ein ny start gjer at mange vel å selje ut, bryte opp og setje kursen over til det lova landet i vest. Gjertine, søstera til Serianna, drøymer om å dra, sjølv om ho berre er ei ungjente. Det begynner å kome brev frå utvandrarar som fortel om ein frodig, men også ugjestmild prærie som skal bli til gardsbruk og heim.

Slåttekar i himmelen er ein samproduksjon med Teatret Vårt i Molde.

Terningkast fem

«Det stillferdige og det storslagne møtes i «Slåttekar i himmelen», en teaterforestilling som bringer nær historie nærmere»

Jon Bleiklie Devik som slåttekaren Nesje.
Jon Bleiklie Devik som slåttekaren Nesje.
Sara Fellman som Gjertine og Bjørnar Lisether Teigen som Ole Salmakar.
Sara Fellman som Gjertine og Bjørnar Lisether Teigen som Ole Salmakar.
Heidi Gjermundsen Broch som Serianna.
Heidi Gjermundsen Broch som Serianna.
Andreas Koschinski Kvisgaard som Nesjes eldste son, Hans.
Andreas Koschinski Kvisgaard som Nesjes eldste son, Hans.

Finn ut meir