Terningkast fem

«Are Kalvø er fortsatt helt på topp»

«Det er suverent levert, det føles godt å le igjen»

Kan det hende at svara på alle dei store spørsmåla om livet ikkje er å finne i litteraturen, filosofien eller religionen? Kan det hende dei er å finne hos Britney Spears og Freddy Kalas?

Kan det hende at svara er å finne i dei skikkeleg populære songane som omgir oss gjennom heile livet? Are Kalvø trur det. Med utgangspunkt i eit knippe songar som har toppa VG-lista dei siste femti åra, prøver Kalvø i denne framsyninga å forstå vår tid og finne meininga med livet. Såpass må det vere. Toppar VG-lista handlar om liv, død, politikk, religion, kjærleik, vennskap, kriser og menn i altfor små shortsar. Og song og dans.

Ein samproduksjon mellom Det Norske Teatret og Teater Vestland, i samarbeid med Are Kalvø.
På turné med Riksteatret og Teater Vestland.

Kva forhold har Are Kalvø eigentleg til nynorsk, og kven ville han vore utan? Det spør vi om når han som er kjent som Noregs 57. morosamaste mann, forfattar og satirikar gjestar Språkoppdraget. Vi snakkar om nynorsk som humorspråk og kvardagsspråk, om inspirasjonen frå populærmusikken, og om kvifor Are Kalvø ofte vandrar rundt i byen og snakkar med seg sjølv. Og vi tar eit tilbakeblikk til arbeidet hans med å omsetje det mildt sagt friske amerikanske originalmanuset på The Book of Mormon til norsk, og sjekkar om Are Kalvø har funne meininga med livet på toppen av VG-lista. Alt dette får du høyre om i den nyaste episoden av Språkoppdraget.

Showpakker (hotell + billett)

Finn ut meir