Noregs beste musikalteater?

Det Norske Teatret blir rekna for å vere eitt av dei beste musikalteatera i Norden. Fleire store Broadway- og West End-musikalar har hatt sine Norden- og Europapremierer på Hovudscenen vår.

Den unike blandinga av teater, historieforteljing og musikk har ei kraft til å treffe publikum midt i hjartet.

Musikal og musikkteater har sidan oppstarten i 1913 vore ein av berebjelkane i Det Norske Teatret, og vi har sidan vore eitt av dei leiande musikalteatera i både Noreg og Norden. Det Norske Teatret ligg midt i hjartet av Oslo, og her kan du til ei kvar tid oppleve både konsertframsyningar, musikkteater og musikalar.

Nokre av dei største musikalane og musikkteaterframsyningane har vore presenterte først i Noreg, Norden og Europa på Det Norske Teatret - som Show Boat, West Side Story, Spelemann på taket, Jesus Christ Superstar, Cats, Les Misérables, Evig ung, Next to Normal, The Book of Mormon og Frost.

Det Norske Teatret har også tradisjon for å lage eigne musikalar, og nokre av desse har blitt store suksessa, som Trost i taklampa, Bør Børson jr., Ungen og Halve kongeriket.

Vi har også fostra nokre av dei største musikalstjernene som pregar norsk musikalscene i dag. Mellom store namn du kan oppleve hos oss i haust, er Heidi Gjermundsen Broch, Stein Torleif Bjella, Frank Kjosås, Geir Kvarme, Ina Svenningdal, Julie Moe Sandø, Pål Christian Eggen og Gjertrud Jynge - og mange fleir!

Ta med deg familie eller venner til Oslo på helgetur for å nyte alt det hovudstaden har å by på - og topp det heile med ei god oppleving!

Her er tips til musikalske framsyningar ved Det Norske Teatret hausten 2024:

Kort om musikalhistoria på Det Norske Teatret