Ein gong slost Oslo-folk mot eit nynorskteater i hovudstaden. Sidan har dei nynna på nynorsk.
Då Det Norske Teatret opna i Kristiania i 1913, utløyste det eit vekelangt teaterslag, med pipekonsertar på galleriet, slagsmål i teatersalen og titusenar demonstrerande menneske i gatene. Mange var sinte og frustrerte over at nynorsken gjennom Det Norske Teatret fekk ein ambassade midt i hovudstaden, og så seint som i 1958 svor den førande teaterkritikaren Odd Eidem at ”en landsmålsscene er forlovet med døden i en by som Oslo”. Men fjorårets hundreårsjubileum viste at teateret for lengst har vunne hjarta til det teaterinteresserte Oslo. Og vegen inn til Oslo-publikummets hjarte, har framfor noko gått gjennom musikalane. Oslo har lært seg å nynne på nynorsk.
Gjennombrotet
Det avgjerande skrittet mot å bli eit leiande musikalteater kom alt i 1949, då Det Norske Teatret sette opp Broadway-suksessen Oklahoma! (foto i toppen av saka). Som i New York strøymde òg folk i Oslo til Oklahoma!, og denne eine framsyninga bidrog til å endre Det Norske Teatrets karakter og sjølvforståing for alltid. Allereie Arne Garborg hadde hevda at teateret òg måtte satse på lettare ting, syngespel og liknande, slik at nynorsken lett og umerkeleg kunne syngast inn i folket. I teaterets fjerde tiår lukkast den listige strategien til gagns. For første gong fekk nynorsken slagerar. ”Å, for ein strålande morgon”, ”Ut or min draum” og ”Allting er som ein draum i Kansas City” blei reine landeplager sommaren 1949. Teatersjef den gongen, Hans Jacob Nilsen, som levde med songane på jobben, blei fullstendig galen av at heile Oslo hadde desse melodiane på hjernen, og heime forbaud han barna sine å synge på dei.

Musikkarrangøren Monn-Iversen
Oklahoma! i 1949 var gjennombrotet, men det var først på 1960-talet at musikalsatsinga blei systematisk og profesjonalisert. I 1963 kom den dramatiserte Alf Prøysen-romanen Trost i taklampa som musikal med nykomponert musikk av Finn Ludt, og den populære revyskodespelaren Sølvi Wang i si første hovudrolle på Det Norske Teatret. Mannen hennar, den 35 år gamle komponisten og dirigenten Egil Monn-Iversen, fekk parallelt sitt første oppdrag ved teateret, då han blei beden om å dirigere orkesteret under framsyningane. Egil Monn-Iversen hoppa ned i orkestergrava – og blei der resten av karrieren sin.




Leiande i Norden
Saman med Tormod Skagestad, som var teatersjef frå 1960 til 1979, bygde Monn-Iversen Det Norske Teatret opp til å bli det leiande musikalteateret i Norden. Dei drog stadig til Broadway og studerte dei største suksessane der, og insisterte på at det skulle vere mogleg å setje opp dei same stykka, like profesjonelt og fengande og realistisk på nynorsk i Oslo. Beviset på at det var mogleg kom i 1965, då Skagestad og Monn-Iversen valde seg sjølve ”atomalderens musikal”, West Side Story. Mens musikalar tradisjonelt hadde søtlåtne og romantiske tema, var dette ein røff og brutal musikal bygd over same plot som Shakespeares Romeo og Julie, men gjenskapt som gjengrivalisering mellom ein svart og kvit gjeng i New York. Og dette klarte Det Norske Teatret å presentere på nynorsk på ein liten scene i ein fredeleg sosialdemokratisk og etnisk homogen utpost av verda. Alt var visst mogleg.

Best på nynorsk
Ein sentral faktor for desse suksessane var omsetjingane. Hartvig Kiran var mannen som gjorde gjengopprør i New York til smidig nynorsk. Teatersjef Tormod Skagestad meinte det nynorske språket hadde ein føremon på grunn av alle einstavingsorda i preteritumsforma av verb, som ofte harmonerte med dei engelske originalane: ”Bokmålet stiller med handicap, med sine tostavelsesformer. På sett og vis har nynorsk ’beat’, og går strålende sammen med moderne musical med dens preg av jazzrytmer,” spekulerte Skagestad. Hartvig Kiran blei ein del av det profesjonaliserte musikalapparatet ved teateret, og stod òg bak omsetjinga av det kunstnarlege og kommersielle høgdepunktet i denne fasen av teaterets musikalhistorie: Scholom Aleichems Spelemann på taket i 1968. Amerikanaren Tom Abbott iscenesette etter mønster av Jerome Robbins’ originalversjon på Broadway, som var blitt spelt utan avbrot sidan premieren i 1964. Den store musikalstjerna ved Det Norske Teatret, Lasse Kolstad spelte hovudrolla Tevje, Sølvi Wang spelte kona Golde. Igjen fekk nynorsken melodilinjer som heile landet lærte seg, som ”Om eg var ein rik mann dudidudidudi dudidudidudidudidå”.
No skal dei same melodiane igjen nynnast i Oslo-gatene når folk strøymer ut i natta etter framsyning, i dei same gatene der folk ein gong slost mot den forakta nynorsken.