Terningkast seks

«Regissør Maren Bjørseth og ensemblet har pusset gullet så det gnistrer.»

«gripende og storslått»

«Søstrene er blitt en imponerende og episk forestilling»

Eit storslått familiedrama som strekker seg over fleire år og kontinent.

Jonas, forteljaren i Søstrene, veks opp i Sverige i 1980-åra. Det gjer òg søstrene Ina, Evelyn og Anastasia. Ei organisert søster, ei slåande vakker søster og ei grenselaus søster. Kven er dei eigentleg, og kvifor blir dei så viktige for livet hans?

Forbanninga

I løpet av dei neste tretti åra blir liva deira vovne saman, gjennom nyttårsfestar, språkkurs og livskriser, kjærleikshistorier og felles vener. Men det som knyter dei mest saman, er forbanninga som kviler over søstrene - ei forbanning som stammar frå ei anna tid og eit anna land: at alt dei elskar, vil dei òg miste.

Tretti år - tre kontinent

I spennet mellom Sverige, Tunisia og New York, frå 1980-åra til i dag, gjennom fakta og fiksjon, blir det spunne eit nett der forteljinga og sanningane stadig endrar seg. Dette blir ei leiken og musikalsk forteljing om identitet, tid og kven vi er eller vil vere for kvarandre.

*** Local Caption *** NADER KHADEMI
Jonas
Portrett av Elpida Stojcevska
ELPIDA STOJCEVSKA
Ina
Portrett av Natalie Bjerke Roland
NATALIE BJERKE ROLAND
Evelyn
Portrett av Hibba Najeeb
HIBBA NAJEEB
Anastasia
Portrett av Kaia Varjord
KAIA VARJORD
Daniela, mfl.
Portrett av Gard Skagestad
GARD SKAGESTAD
Far til Jonas, mfl.
Portrett av Amell Basic
AMELL BASIC
Hector, mfl.
Portrett av Carl Martin Eggesbø
CARL MARTIN EGGESBØ
Mathias, mfl.
Portrett av Ane Dahl Torp
ANE DAHL TORP
Selima, mfl.
av
Jonas Hassen Khemiri
Dramatisering
Kristofer Grønskag
Omsetjing
Brynjulf Jung Tjønn
Regissør
Maren E. Bjørseth
Scenograf
Olav Ryland Myrtvedt
Kostymedesignar
Alva Walderhaug Brosten
Komponist
Alf Lund Gobolt
Lysdesignar
Norunn Standal
Koreograf
Ida Wigdel
Dramaturg
Siri Løkholm Ramberg
Regiassistent
Andrine Nilsson

- Eg kan skjønne at han blir heilt ­obsessed av ­dei søstrene

Nader Khademi snakkar om Jonas, hovudpersonen og forteljaren i Søstrene, som opna Hovudscenen på Det Norske Teatret i haust.

Les meir

Livet med stor L

Maren Bjørseth er stor fan av Jonas Hassen Khemiri. Flaks for henne at ho også er ein av landets leiande teaterregissørar og no kan få boltre seg i det litterære universet som han så eineståande har dikta fram. Til hausten er romanen Søstrene klar for Hovudscenen, ei historie så leiken og rik at det berre måtte bli teater av det heile.

Les meir

And so it was told

I sin siste roman Søstrene, som i haust er klar for teaterscenen, har Jonas Hassen Khemiri skrive seg sjølv som forteljar. Det er ikkje første gang verkelegheita er til stades i fiksjonen til historieforteljaren Khemiri.

Les meir

Ein travel nykommar

Den ferske skodespelaren Elpida Stojcevska har blitt ein snakkis etter hovudrolla som den nyutdanna legen Petra i NRK-serien LIS. Debuten på teaterscenen gjorde ho like godt i sesongopninga på Hovudscenen på Det Norske Teatret.

Les meir

Regissør Maren Bjørseth er gjest i podkasten Språkoppdraget. Lytt til episoden her, eller der du elles lyttar til podkast.

Kjøp billett

Vel speledato for Søstrene

Finn ut meir