For skodespelaren personleg, er det beste med jula at familien er samla.
- Eg set enormt pris på jula. Eg er også ein ganske julete person, men eg er ikkje heilt på Hedvig-nivå, altså, ler Gina.
Aktuell på skjerm og scene
For dei som har gått litt på Det Norske Teatret, har Gina Bernhoft Gørvell kanskje blitt eit kjent fjes, sidan ho debuterte her i 2019. I haust har ho nådd eit breiare publikum som gamaren Ida i NRK-serien Dates in real life – og neste år blir ho å sjå i rolla som Sonja Haraldsen i Viaplay-serien Sonja & Harald. Ho er også med i teaterversjonen av Linn Ullmanns Jente, 1983 på Scene 2.
Mystisk jente
Men nett no er det rolla som Hedvig i familieframsyninga Snøsøstera Gina skal konsentrere seg mest om. Ei jente på kanskje ti år som bur i det mest julete julehuset ein kan tenkje seg. Julian, som har mista søstera si og ikkje gler seg til jul i det heile, får tilbake trua på livet og jula gjennom møtet med Hedvig.
- Ho elskar å leike og å leve, seier Gina.
Men det er også noko mystisk ved henne. Det viser seg at heller ikkje Hedvig høyrer til i denne verda. Det er nemleg berre Julian som kan sjå henne…
Jula er sterke kjensler
Gina Bernhoft Gørvell er vaksen opp i ein retteleg kunstnarfamilie. Mora og faren er begge skodespelarar, bestefaren spelemann og oldefaren kunstmålar.
I barndomsheimen på Uranienborg i Oslo bur det no tre generasjonar, og det er framleis her jula blir feira. Kvar julaftan går familien Bernhoft Gørvell til Vestre Gravlund for å minnast dei som ikkje er her lenger.
- Kjenslene for jula har eigentleg berre blitt sterkare med åra.
- Det skal eg aldri slutte med, seier Gina bestemt.
Turen til gravene er alltid koseleg, og dei får tid til å småprate og mimre. Etter å ha tenkt seg om, seier ho:
- Kjenslene for jula har eigentleg berre blitt sterkare med åra.
Det fine og det triste
Ho håpar publikum som finn vegen til Snøsøstera vil kjenne på noko av det same.
- Eg vonar det blir ei fin oppleving. Jula og livet sjølv er jo ikkje alltid uproblematisk. I jula møtest det fine og det litt triste. Tida rommar alt av kjensler.
- Det kan vere godt å vere saman og kjenne på kjærleiken for dei ein saknar og er glad i.
Før kvar framsyning er det ein ting skodespelarane må gjere, og det er å synge songen Odd Nordstoga har dikta nett til denne framsyninga: Når alle andre sansar kan få kvile.
- Da kjem vi i stemning, avsluttar Gina.