Mona Huang Høivik
er skodespelar og biletkunstnar, utdanna ved Det Multinorske og Kunsthøgskolen i Oslo.
Ho gjekk skodespelarfag ved Det Multinorske på Det Norske Teatret 2018-2021. Same året som ho var ferdig utdanna, spelte ho hovudrolla som Tao i Bienes historie på Hovudscenen. Sidan har ho vore engasjert ved m.a. Nationaltheatret, Riksteatret og Rogaland Teater. Saman med skodespel jobbar ho med biletekunst og skriving. Ho er utdanna grafisk designar og illustratør frå Kunsthøgskolen i Oslo, og gjekk Samlaget sin forfattarskole i 2022. I 2022 vann Mona Huang Høivik ei utlysing for ny skriv dramatikk ved Dramatikkens Hus/SPKRBOX/Oslo Pride, med sceneteksten Simone.
Aktuell hausten 2024 som Augusta i Snøsøstera og Maria og Sarah i Tante Ulrikkes vei.
Aktuell med
Tidlegare framsyningar
2021 | Universum / Vonde soger | Universum |
2020 | Bienes historie | Tao |