Bakgrunnsartikkel

Det er lov å grue seg til jul

Ingenting er så koseleg som jula. Familien samlar seg, vi tar fram julepynten og tenner lys. Vi gir og får gåver, og alle er glade. Er det rart vi gler oss til jul? Eller? Vi tok ein liten prat med Maja Lunde om det å gle seg og ikkje gle seg til jul.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

– I jula blir både dei gode og dei vonde kjenslene skrudd opp på maksimal styrke. Om du saknar nokon, så blir det saknet ekstra sterkt på julaftan. Det tenkte eg mykje på da eg skreiv Snøsøstera, seier Maja Lunde.

Det kan vere mange grunnar til at barn ikkje gler seg til jul. Nokon vaksne stressar så mykje at det ikkje blir hyggeleg. Andre vaksne drikk for mykje alkohol og forandrar seg. I nokon heimar er det ikkje julefeiring. Da er det ikkje så kjekt å sjå at alle andre har det koseleg. Og at dei får finare og artigare gåver enn deg.

For nokon er jula trist fordi dei saknar den eine forelderen sin. Det har Maja Lunde opplevd også.

Foto: Siren Høyland Sæter

– Foreldra min er skilde, så eg hugsar godt korleis det var å sakne den som eg ikkje feira jul med. Sånn er det utruleg mange som har det. Og så vil vi jo helst at julaftan skal vere perfekt. Da er det ekstra vondt når alt ikkje er som det skal, seier Maja Lunde.

Maja har heldigvis lært seg noko viktig: At jula ikkje treng å vere perfekt. Ho kan vere bra akkurat sånn som ho er. Ei jul som er annleis enn det du hadde tenkt, kan også vere ei fin jul. Dette snakka ho og Lisa Aisato masse om da dei laga boka Snøsøstera, og sånn er det i boka også. Lisa har laga dei fine bilda til boka, mens
Maja har skrive teksten.

– Om vennen din gruar seg til jul, kan det vere lurt å spørje om grunnen til det. Og så kan du høyre om det er noko du kan gjere. Kanskje du og vennen din kan lage
ein eigen juletradisjon i lag? Men om det er noko alvorleg som gjer at du gruar deg til jul, må du snakke med ein vaksen om det, seier Maja Lunde.

– Det er det Julian må gjere i Snøsøstera. Han må tore å seie til foreldra sine at sånn som vi har det no, det er ikkje greitt. Og da er det større sjanse for at alt blir betre. Slik det blir for Julian og familien hans.

Maja Lunde er forresten eit skikkeleg julemenneske. For sjølv om ho ofte sakna nokon i jula da ho var lita, var foreldra hennar flinke til å lage ei fin jul. Derfor har ho mange gode minne frå barndommen. No når ho har blitt vaksen, har Maja blitt veldig glad i julekosen. Ho kan kjenne julestemninga i heile kroppen sin. Og ho pyntar huset sitt i Villa Kvisten-stil. Kanskje liknar ho litt på Hedvig?

– Det er eit ljos inni meg og små eksplosjonar av glede i hovudet. Jula for meg er maksimalistisk, varm og kjemperaud. Men det viktigaste med jula er at vi har det hyggeleg, ikkje at vi prøver å ha det perfekt, seier Maja Lunde.