Søramerikansk mat laga med kjærleik, lidenskap og omhug.

Om du er svolten før du skal på teater, har vi i haust eit heilt nytt konsept i restauranten. Med inspirasjon frå Argentina - heimlandet til dei to drivarane Romina Yanarello og Nicolás Peranic - tilbyr sprett-opp-restauranten SUR by De Mi Tierra deilig mat som både passar på farten og for lengre bordsettingar.
Maten består av ulike smårettar du kombinerer etter eiga lyst og gane, og blir servert direkte frå kjøkkenet etter kvart som maten er klar - eller som ein tre- eller firerettars meny.
Teatermeny: 750,- per person (menyen inneheld forrett, hovudrett og dessert)
Snacks-meny: Vel det som passar for deg
Sist, men ikkje minst, om de er ei gruppe på 8 eller fleire, har vi ein settmeny slik at de kan nyte ein smakebit av "Sur". Om du vil ha meir informasjon om denne, kan du sende oss ein e-post til sur_booking@demitierra.no .
For spørsmål, ring: 408 98 745.
Menyar

Teatermeny
Vi har også ein trerettars meny, eller "Teatermeny", som vi kallar det. Denne består av tre større rettar – forrett, hovudrett og dessert – for dei som har mindre tid til å ete før eller etter framsyninga, men likevel ønskjer eit skikkeleg og velsmakande måltid.
Les meir
Treng du ein pause på 17. mai?
Er du sliten i beina etter å ha gått i eller sett på toget, kan du svinge innom Det Norske Teatret og kvile føtene og feire vidare med god mat og drikke!
Les meir
Bordbestilling
For bestilling til 8 eller fleire personar - send ein e-post til sur_booking@demitierra.no
For 1 - 7 personar - klikk her!Les meir

Kven er vi?
SUR by De Mi Tierra er starta og driven av dei erfarne kokkane Romina Yanarello og Nicolás Peranic.
Les meirOpningstider
Måndag: Stengt
Tysdag - laurdag: 16.00 - 21.00 (kjøkken) 23.45 (barservering)
Søndag: Stengt