Terningkast seks

«Sterk vind» er et drama for evigheten»

Terningkast fem

«Jon Fosses nye stykke er mektig i all sin enkelhet»

«Et medrivende mareritt»

Jon Fosse er tilbake med eit nytt skodespel. Han har vore borte frå teaterscenen i ti års tid. Han er attende no, nett som før, eller kanskje er alt også annleis? Eller har han i det heile vore borte?

Ein mann er komen attende. Han har vore på reise. No er han kome til eit husvære som kona hans har flytta til mens han var vekke. Han har aldri vore her før, eller han har vore der alltid. Tidene skiftar som vinden, og dei legg seg oppå kvarandre. No er no, men no er også noko som har vore før, eller som skal bli. «Nett no/no/og for all tid.»

Det er ein ung mann i dette husværet saman med henne som han elskar. Korleis er det mogleg? Den unge mannen må gå, meiner mannen, men i staden kyssar den unge mannen og ho som han elskar, kvarandre. Men det er jo han som er gift med henne! Det er jo dei som elskar kvarandre, ikkje den unge mannen, for kven er han, og kva gjer han her, og kor er barnet deira? Husværet er høgt oppe i eit høghus. Dei er i fjortande etasje, minst. Og utanfor vindaugo bles vinden. Det er uråd å sjå heilt ned til bakken. For lufta er tjukk og vanskeleg å sjå gjennom, og vinden blir stadig sterkare.

Finn ut meir