Bakgrunnsartikkel

Æ e hjæmme!

Sigrid Husjord var overraska, men heller ikkje i tvil, da ho gjekk den raude løparen under Oscarutdelinga i 2023. Ho var komen heim. Akkurat her - midt blant filmindustriens mektigaste og under eit frenetisk blitzregn - kjente den sprudlande trønderen at ho høyrde til.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

Kortfilmen Nattrikken der Husjord spelte hovudrolla var nominert i kategorien beste internasjonale kortfilm. Sjølv om ho returnerte til gamlelandet utan statuetten, så var det eit minne for livet.

- Det var heilt fantastisk. Fire intense døgn med ein virak som passa meg utmerkt.

Stylist og kostymedesignar Cårejånni Enderud hadde fiksa kjole, ein glitrande gullkjole som var sydd om for det store augneblikket. Kjolen hadde tidlegare vore brukt på scenen i den norske Eurovision-finalen, og Sigrid var nøye med å levere kjolen tilbake.

- Det er ein gjenbrukskjole som er brukt av fleire. Så den blir nok ein minikjole til nokon, kanskje, på eit tidspunkt, seier Husjord og ler høgt. Ho er ei av dei store internasjonale stjernene i den norske skodespelarflokken.

Foto av Sigrid Husjord som Cosette og Emil Johnsen som Jean Valjean. På Betty Nansen Teater spelte Jens Albinus denne rolla i vårens oppsetjing. “Radikal og dybt betagende fortolkning af ’Les Misérables’”, skreiv Informationen etter premieren. Foto: Ole Herman Andersen.

Aktuell i to oppsetjingar i haust
No er Sigrid Husjord aktuell i Jon Fosses nyskrivne stykke Skodespelet som får premiere på Scene 2 under den fjerde internasjonale Fossefestivalen. Seinare på hausten spelar ho Cosette i Les Misérables, ei framsyning som hadde premiere på Betty Nansen Teater i mars. Her var kritikkane overstrøymande og framsyninga vann ein Reumert (Danmarks største teaterpris) for Årets samspel. Det var sjølvsagt også stas, men ikkje heilt nytt for Husjord. I 12 år har ho jobba som frilans skodespelar i København og har tidlegare vore nominert og vunne fleire Reumert-prisar for roller og framsyningar i Danmark. Men ho har også motteke prisar på store teaterfestivalar både i Kairo og i Dublin og er stolt av alt ho har oppnådd som skodespelar etter at ho som xx åring drog til Danmark for å studere fysisk teater. Alt i andre klasse fekk ho tilbod om ei rolle, og etter studieopphald både i Frankrike, London og New York, har ho kunna balansere mellom fysiske roller og roller som krev større innsikt i menneskesinnet.

- Eg har vore ein nomade i skandinavisk teater og pendla mellom Trondheim, Oslo og København. Eg trur eg har flytta heile 15 gonger. Like mange gonger som da eg var barn. Men etter 30 ulike adressar har eg no kjøpt eit hus i bymarka i Trondheim, nabohuset til mor mi, og så leiger sonen min og eg ein bustad her i Oslo. Det er meir stabilt, men vi må nok flytte på oss igjen, hahaha.

Å velje skodespelaryrket
Det var på ungdomsskolen at Sigrid bestemte seg for å satse på teater. Ein dramalærer meinte at ho hadde talent.

- Men du må aldri la nokon gi deg ei rolle berre på grunn av høgda di, sa ho. Og det sette seg ein stad inne i meg. Eg har tenkt at det skal eg ikkje la skje. Skjønt, den første rolla mi i Danmark var nok på grunn av det.

Ho ragar ikkje høgt over bakken, men Sigrid Husjord fyller rommet likevel. Energien, latteren, det smittande humøret og den store arbeidskapasitet tar plass. Det har ført henne til store scener og teatre rundt om i Norden og har også skaffa henne større og mindre roller på filmlerretet. I Kampen for tilværelsen såg vi henne første gong på NRK. Sidan har ho medverka i Beforeigners og i NRKs julekalender Kristiania magiske tivolitheater.

- Det er vanskeleg å kome meg inn i film og TV-verda. Det trur eg skuldast krav til realisme. I teateret er kanskje publikum med på meir? Med Kjersti Horn som sjef får eg utvilsamt større moglegheiter enn eg elles ville hatt. Vi er einige om å normalisere det å vere kortvokste. Vi er menneske som er låge. Det skal normaliserast, og den einaste måten å gjere det på er å spele helt vanlege menneske. For det er jo nettopp det vi er.

Sigrid Husjord har gjort seg bemerka både på scenen og på lerretet. Foto: Monica Tormassy.

Sigrid Husjord i ein gjenbrukskjole på den raude løperen under Oscarutdelinga, ein stad ho kjente seg heilt
Frå NRK-serien Kampen for tilværelsen, den første rolla der det norske publikummet blei kjent med Sigrid Husjord.
Frå NRKs julekalender Kristiania magiske tivolitheater der Sigrid Husjord spelte sjølvaste teatersjefen.
Nattrikken var nominert til Oscar som beste internasjonale kortfilm. Sigrid Husjord spelte hovudrolla.

Allsidig skodespelar
Sigrid Husjord har vore tilknytta Det Norske Teatret gjennom fleire roller frå 2021. Ho har spelt i Min venn romvesenet og Leve republikken! I 2022 var ho del av Claire deWangen sin stadspesifikke framsyning Shiemens som blei spelt i det gamle Siemens-bygget langs Østre Akervei. Men dei fleste hugsar henne nok som mora i Édouard Louis’ Ei kvinnes kampar og forvandlingar. «Eit morsportrett det er umulig å legge bak seg», skreiv Aftenpostens kritikar. Sigrid Husjord spelte rolla utan eit einaste ord. Den fysiske bakgrunnen gjorde likevel rolla til eit medrivande og fascinerande stykke rollearbeid. No er det ei av Fosses kvinne som skal under huda.

- Det er første gang eg gjer Fosse. Det er vanskeleg og lett på same tid. Det er ein veldig enkel tekst, samstundes som han er veldig kompleks. Det kan tolkast i mange retningar, metaforisk eller heilt konkret. Det er utruleg at ein karakter kan romme så mange lag. Men det kan bli veldig gøy også, avsluttar ei travel Sigrid Husjord før ho spring vidare til maskeprøve på Scene 2.

Frå Ei kvinnes kampar og forvandlingar av Édouard Louis. Emil Johnsen er motspelar, Sigrid Husjord portretterte mora utan å ytre eit ord frå scenen.
Min venn romvesenet blei spelt på Rommen Scene i 2021.
Shiemens ble spelt i det gamle Siemens-bygget i Groruddalen.  Foto: Bendiksen.
Frå Les Misérables på Betty Nansen Teater Sigrid Husjord spelte Cosette, Jens Albinus var Jean Valjean..

Artikkelen er publisert 22. august 2025.