- Eg skal spele rolla som Fyrste Skodespelar i Skodespelet, det ferske stykket til Jon Fosse. Det handlar om eit eldre og eit yngre par som ventar på ein båt på ein aude kai. Brått kjem ein teatertrupp som prøver å spele eit stykke for dei, eit slags spel som set relasjonane på prøve.
For meg handlar Skodespelet om dei indre spenningane i oss menneske, mellom fornuft og kjensler, mellom tryggleik og begjær, og mellom det trivielle og det opphøgde. Ventinga og håpet på at det kan skje noko stort og meiningsfullt som kan endre livet, samtidig som det heile plutseleg kan vere over.
Kva var din aller første replikk på ein scene – og korleis gjekk det?
- Det hugsar eg ikkje. Men eg trur første gongen eg stod på ein scene var i rolla som Ku, då barnehagen sette opp Geitekillingen som kunne telje til ti.
Kva er det raraste du har gjort i research til ei rolle?
- Av og til kan eg herme etter korleis folk går, om dei har eit fascinerande ganglag. Eg trur heldigvis eg aldri har blitt tatt i å gjere dette.
Alle har jo gløymt replikkar på scenen. Kan du fortelje om ein gong det skjedde deg?
- Ein gong på turne med Peer Gynt og Riksteatret gløymde eg ein replikk nesten heilt i starten av ein scene. Det var ekstra kinkig sidan stykket går på rim, så det var vanskeleg å improvisere noko nytt. Eg stod der og leitte febrilsk i hovudet i det kjentest som fem minutt, men sikkert berre var nokre sekund. Til slutt sa eg berre: «Ja», snudde meg og var på veg ut av scenen, heilt tom. Heldigvis hoppa medspelaren min litt fram i teksten og kasta ut ei linje som fekk meg inn att.
Kva er det mest minneverdige som har skjedd deg bak scenen?
- Det er gjerne like kjekt å vere bak scenen som på. Vi har ofte veldig interessante samtalar der. Eg trur kanskje vi blir veldig opne når vi er i spelemodus, samtidig som vi ventar og ikkje har så mykje anna å gjere. Men det gjeld å ikkje bli for opphengt i ein samtale. Da kan ein gløyme seg og ikkje gå på scenen når ein skal. Det har vore nære på, skal eg innrømme, og da får ein hjartet i halsen!
Fullfør setninga: “Eg visste eg ville bli skodespelar da eg…”
…skjøna at eg kunne ha det som jobb. Det var kanskje på ungdomsskolen.
Kva er det beste ved å vere skodespelar?
- Å få jobbe med så mange spennande og flotte folk. Vi møter stadig nye menneske og kunstnarlege retningar, og det gjer at vi heile tida lærer noko nytt – ikkje berre om faget, men også om oss sjølv og verda.
Om du skulle hatt eit anna yrke – kva skulle det ha vore?
- Kanskje jobbe i eit laboratorium. Det verkar spennande å finne ut korleis ting fungerer og heng saman, og eg likar tanken på å jobbe med noko praktisk og konkret.
Kva er din guilty pleasure?
- Å spele eit dataspel som heiter Heroes of Might and Magic 3, fleire timar i strekk. Eg hamnar i flytsona og gløymer tid og rom. Men så føler eg vel at eg eigentleg burde brukt tida mi meir fornuftig. Og så kan eg bli så emosjonelt investert at eg blir veldig sint om det ikkje går min veg, hehe.
Har du ei kulturanbefaling?
- Marianegropen av Ida Lødemel Tvedt. Ei innsiktsfull, skarp og humoristisk essaysamling, som fekk meg på nye tankar.