Musikk, rørsle og ei sterk ensemblekjensle kjenneteiknar regien i framsyningane til Jakob Höglund. Med bakgrunn som skodespelar, dansar, koreograf og regissør, har Höglund blitt kjent for sin leikne og energiske stil som regissør og koreograf på ei rekke musikkteateroppsettingar i Norden.
Og nettopp den særeigne premissen i Once, at skodespelarane også er musikarane, skapar ein unik nærleik, varme og autentisitet. Her står musikken i fokus, og Höglund har som mål å skildre denne hjartevarme og ektefølte forteljinga berre ved hjelp av dei 16 instrumenta på scenen.
- Eg har alltid vore interessert i å undersøke musikalen som kunstform. Den andre spennande tingen med Once er at den handlar om vanlege menneske, menneske med dårleg råd som alle kjempar med ulike utfordringar i livet. Her finst ingen skurk.
Autentisiteten i framsyninga blir vidare underbygd av historias tematikk og karakteranes medmenneskelegdom; karakterane blir styrkt av å stille opp for kvarandre utan tankar om eiga vinning. På same måte ønskjer Höglund at publikum skal gå styrkt ut av teatersalen etter at dei har sett framsyninga.
Jakob Höglund
Jakob Höglund er utdanna skodespelar, og har jobba som regissør og koreograf sidan 2010. Sidan 2019 har han vore kunstnarleg leiar på Lilla Teatern, den svenskspråklege scenen til Helsingfors Stadsteater. Som regissør har han hausta gode kritikkar på framsyningar både i Noreg, Sverige og Finland. Framsyninga Peer, du lyver! ved Riksteatret i 2015 vart nominert til Heddaprisen for beste barne- og ungdomsframsyning, og i 2020 fekk Höglund Svenska Kulturfondens store pris.
Jakob Höglund har hatt regi og koreografi på fleire musikkteateroppsettingar i Norden, blant anna Kalevala på Åbo Svenska Teater, ein versjon av Romeo och Julia på Vasa stadsteater, Cabaret på Åbo stadsteater, Once på Lilla Teatern og Så som i himmelen på Helsingfors stadsteater.
Artikkelen er publisert 5. november 2024.